Her er favorittordet deira på nynorsk

Kva er nynorskfavorittane til leiarane av ungdomspartia?

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I julekalenderen til Framtida.no fekk alle ungdomspolitikarane spørsmål om kva deira favorittord på nynorsk var. Her er svara deira:

Draum

Ina Rangønes Libak, leiar i AuF: – Eg synest vi menneske burde ha fleire og større draumar, seier AuF-leiar Ina Rangønes Libak. Ho meiner ordet er fint i seg sjølv, men at det blir enno betre på nynorsk, og refererer til diktet «Det er den draumen», av Olav H. Hauge.

Likskap

Tobias Drevland Lund, leiar i Raud Ungdom, sitt favorittord er likskap.

Vonar

Martine Tønnesen, leiar i KrFU, trekker fram presensforma av å vone.

– Det synest eg både er eit hyggeleg og litt gøy ord, seier ho.

Vyrde og heim

Ada Arnstad, leiar i Senterungdommen, har eit heilt spesielt forhold til ordet vyrde. Under landsmøta i ungdomspartiet har dei ein «vyrdecount», der det handlar om å seie ordet vyrde flest gongar når dei skal halde eit innlegg.

Vyrde kan tyde å akte, setje høgt; tykkje mon i.

Arnstad sitt favorittord utanfor politikken er utan tvil heim.

Friviljug

Teodor Bruu, talsperson i Grøn Ungdom: – Eit særeige og fint nynorskord, som også betyr noko veldig fint.

Vonbroten

Andreas Sjalg Unneland, leiar i Sosialistisk Ungdom: – Eg synest det kling bra, og så høyrest det litt meir ekte ut, seier leiaren i Sosialistisk Ungdom.

Kjærleik

Kva er vel ei favoritt-ord på nynorsk-liste utan ordet kjærleik? Det er Bjørn-Kristian Svendsrud, leiar i FpU, sitt favorittord. Kanskje er det litt fordi han forlova seg i året som gjekk?

Røyndom

Røyndom er favorittordet til leiaren i Unge Venstre, Sondre Hansmark.

 

Kva ord liker du best?

Kva ord liker du best?

Draum105
Likskap31
Vonar25
Vyrde69
Friviljug18
Vonbroten183
Kjærleik89
Røyndom64
Svar totalt: 584

 

Om du lurer på kva nynorskfavorittar som ragar høgst hjå våre andre kalendernissar er, så kan du sjå alle kalenderlukene her.