No har Os kommune flest nynorskelevar i Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva er det du seier? Er me største nynorskkommune?! seier Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) på telefonen når Framtida.no ringjer. Ho er fungerande ordførar i Os kommune medan Terje Søviknes er på ferie.

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet fortel at Os kommune rasar forbi Hå og Stord. Sistnemnde har vore største nynorskkommunen i fleire tiår, men vart i fjor forbigått av tilflyttarkommunen Hå på Jæren. No i haust gjekk også Os forbi.

– Me er jo ein vekstkommune, så det har nok med det å gjera. Som nynorskforkjempar gler det hjartet mitt at dei nye innbyggjarane våre vel nynorsk til barna sine. Eg skal kjempa for nynorsken så lenge han er ein viktig del av norsk kultur, seier høgrepolitikaren.

Eldbjørg Kræmmer i Os Mållag er òg strålande nøgd med veksten i nynorskelevar.

– Heilt fanastisk! Me er heldige som har mange flinke lærarar, og foreldre som vel nynorsk for barna sine, trass stort press frå Bergen, seier ho.

Les også: Nynorsk pressekontor får pengar til nynorskrobot

Større konkurranse

Varaordføraen legg til at kommunen skal følgja lova og gi bokmål til dei som ønskjer det, men forventar fleire nynorskbrukarar i framtida.

– Og større nynorskommune skal me bli, når me slår oss saman med Fusa i 2020, legg ho til.

Men den nye Bjørnefjorden kommune får konkurranse av dei nye storkommunane Ålesund og Sunnfjord.

Talet på nynorskelevar i Noreg er dette skuleåret 76.137 elevar. Det er ein nedgang på 215 elevar.

Her er dei 15 kommunane som har opplevd største auke i talet på nynorskelevar i år:

Kommune Nynorskelevar i 2017/18 Nynorskelevar i 2018/19 Auke
Os 2490 2660 170
Sund 845 938 93
2512 2589 77
Eid 771 806 35
Klepp 1619 1652 33
Osterøy 787 814 27
Sauda 521 547 26
Strand 905 931 26
Fjaler 346 368 22
Gaular 421 438 17
Hjelmeland 332 348 16
Rennesøy 173 189 16
Tysvær 451 467 16
Hareid 611 627 16
Sula 1252 1268 16