Då heile karrieren hang i ein tynn tråd

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Hallingdølen.no i ein lengre versjon.

– Eg var budd på å leggje opp, heilt til kirurgen spurte meg om det var det magekjensla mi sa. Då måtte eg gå nokre rundar til.

I november i fjor var ho var på god veg mot ein ny sesong. OL-kleda var på plass i skåpet, formen på god veg. Ho hadde budd seg godt før fartsrenna i Canada, studert hoppa og brukt god tid på heile løypa.

Alvorleg skade

Bileta frå utfortreninga i Lake Louise i fjor vart likevel dramatiske. I båre under helikopteret hang Tviberg med ein alvorleg skade. Undersøkingane viste at det fremre korsbandet i høgre kneet var rive av. For fjerde gong på åtte år hadde ho ein alvorleg kneskade.

Det er utruleg herleg å vere tilbake på ski, seier Maria Tviberg.

– Eg kjente at eg kom feil ut frå hoppkanten, hamna bakpå på eit vis. Eg hadde to alternativ, prøve å lande på beina eller lene meg meir bakover og lande på ryggen. Eg valde det fyrste. I landinga kjente eg at kneet svikta under meg.

Det har gått eitt år sidan fallet i Lake Louise. Landslagsalpinisten sit i peisestova på Danebu Kongsgård i Valdres.

Les også frå Hallingdølen: Første jakta

Sterk vinnarvilje

Frå ho var lita har ho hatt sterk vinnarvilje og enorm skiglede. Det har teke henne langt. Heime i skåpet har ho medaljar frå junior- og seniornivå. Bevis på at Tviberg er å rekne med når ho er skadefri og i form.

Men parallelt med oppturane har ho lært alt om korleis det er å trene seg opp att frå kneskader. Lagvenninnene er på plass i USA for å starte fartssesongen. Sjølv er ho på treningssamling, med far, Torgeir, som støtteapparat. Ho har nettopp vore på ski. Men i dag ville ikkje kneet hennar like mykje som ho. Den tre dagar lange treningssamlinga i skianlegget blir avbroten ein dag før tida. I staden reiser ho tilbake til Oslo og styrkerommet.

– Eg har sett framgangen tydeleg no i haust. Då er det lettare å vite når ein må ta ein pause. Men det er ikkje lett likevel, når det einaste eg vil er å stå på ski.

Kjekt: Maria Tviberg trenar i skianlegget på Geilo for fyrste gong etter kneskaden for eitt år sidan. Foto: Privat

For halvannan månad sidan kunne ho prøve skia att. Maria var eit stort smil i bakken i Sas-Fee. Lyden av støvel i binding fjerna alt det vonde ho hadde vore gjennom.

– Det var som alt det mørke berre letna. Eg kjende det som om alt var mogleg og ingen kunne gjere meg noko. Det er den beste kjensla eg har hatt på lenge. Då var det verdt alt slitet.

No har ho begynt å køyre løyper igjen. Det går i storslalåm og nokre slalåmløyper. Ho tek opptreninga gradvis, øver på å vere tolmodig og kjenne på at ho er på rett veg. Målet er at kneet skal tole fartsrenn.

Les også: Kaia kryssa Jotunheimen, og sett vekk i frå eit kamera var ho heilt åleine

Tøff haust

Hausten har vore tøff. Mykje tøffare enn ho var budd på. I møtet med legane fekk ho den vonde konklusjonen.

Maria Tviberg.

– Dei sa rett til meg at eg måtte gi meg. Eg kunne ikkje fortsetja med dette, risikoen var for stor, sa dei. Det var ein brutal beskjed å få.

Ho blir blank i auga. Ser på dei storslegne fjella gjennom vindauget.

– Å stå på ski betyr alt for meg. Eg har jobba for dette i over ti år. Eg kjenner meg ikkje ferdig enno, magekjensla mi seier at eg ikkje kan gi meg. Kjenner eg at det ikkje går, så er det greitt. Men då kan eg stå for at eg la opp.

Les også: Ho kan vinne gull for Noreg

Magekjensla seier at ho ikkje kan gi seg

Legane har sagt at ho tek ein enorm risiko ved å satse vidare.

– Ingen norske alpinistar har gjort dette før meg. Men eg kunne ikkje ta eit val berre fordi dei sa eg måtte, sjølv om eg veit eg det er ein risiko ved det. Eg har stor respekt for dei som fagfolk, og veit at dei berre gjer jobben sin og vil mitt beste. Men det er tøft når den beskjeden kjem frå folk du har jobba tett med i mange år og fått ein venskap med.

Ingen veit om ho i det heile tatt kan konkurrere på ski att. No tek ho ein dag og ei veke om gangen.

– Folk spør korleis det går. Då kan eg vera vag. Men det er berre fordi eg rett og slett ikkje veit. Eg er like spent som dei.

Les også: Fleire låner sportsutstyr i staden for å kjøpe

Fakta om Maria T. Tviberg

Bustad: Oslo/Geilo

Alder: 24 år

Yrke: Alpinist. Køyrer for Geilo IL, med på det norske verdscuplaget

Aktuell fordi: Skal snart begynne å konkurrere att etter eitt års skadeavbrekk