Då eg var tjue: Maria Parr låg under open himmel og såg på Nordlyset

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 03.12.2018 09:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Då var eg i Alta i Finnmark.

Korleis var kvardagen og kva gjorde du?

Eg gjekk på folkehøgskule for friluftsliv. Vi var naturleg nok mykje ute, med telt og ski. Men hadde også vanlege dagar på skulen. Det var eit år med mange og store opplevingar.

Hugsar du kva som skjedde?

Ja, eg hugsar mykje frå det året fordi det var så spesielt.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Litt. Eg var med klassen min på filmfestivalen i Tromsø den dagen, trur eg.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Eg trur det må vere ei av nettene eg låg under open himmel saman med gode venner, og såg på nordlyset. Nasetippen var iskald, men resten av meg var varm.

Kva musikk lytta du til og kva såg du på?

Haha! Den perioden gjekk det mykje i country. Eg såg absolutt ingenting på skjerm før hausten kom og eg flytta heim. Vi hadde berre ein TV på heile skulen som vi aldri brukte, og ingen hadde data eller nettbrett. Det er nesten litt rart å tenkje på.

Vi hadde berre ein TV på heile skulen som vi aldri brukte, og ingen hadde data eller nettbrett. Det er nesten litt rart å tenkje på

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg hugsar ein situasjon der eg fekk det litt uvante og pompøse spørsmålet «Kva drøymer du om, Maria?». Og då hugsar eg at eg overrumpla svara at eg hadde lyst til å skrive. Men eg tenkte vel eg skulle bli journalist.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg tenkte ikkje på det før hausten kom, og eg plutseleg ikkje ana kva eg skulle gjere. Det er nok den einaste gongen i livet eg har vore litt stressa for akkurat det. Men så ordna det seg med jobb i lokalavisa eit år.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg hadde smilt og rista litt på hovudet, trur eg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Det der som på engelsk går slik: «Everyone is fighting a battle you know nothing about. Be kind. Always.» Då eg var tjue var det framleis så mykje eg ikkje visste, så mange erfaringar med sorg og smerte eg ikkje hadde. Då kan ein lett oversjå noko viktig i andre. Eg trur det hadde vore fint å bli minna på det.

Då eg var tjue var det framleis så mykje eg ikkje visste, så mange erfaringar med sorg og smerte eg ikkje hadde.

Les også: Maria Parr og Foreningen !Les nominert til verdas største barne- og litteraturpris