Positive røynsler med mobilforbod i skulen
Fire av fem skular her i landet har innført forbod mot å bruka mobil på skulen, og dei fleste rektorane meiner det har gjeve positive resultat, ifylgje NRK.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Resultata byggjer på ei spørjeundersøking kanalen har gjort blant 1000 rektorar ved norske barne- og ungdomsskular og vidaregåande skular.
80 prosent har heilt eller delvis forbod mot mobiltelefon på skulen sin.
Av dei som har innført forbod, meiner eit stort fleirtal at forbodet har ført til betre læring og mindre mobbing.
Les også: Elevorganisasjonen: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det
Delte meiningar om forbod
Rektorane i undersøkinga er likevel delte i synet på om det bør innførast eit nasjonalt forbod mot mobilbruk i skulen. Ifølgje NRK ønskjer 40 prosent heilt eller delvis forbod, mens halvparten er imot eit forbod eller ønskjer andre løysingar.
I ei undersøking utført for Klassekampen blant 1000 respondentar over 15 år i fjor haust, svarte tre av fire at dei var positive til eit nasjonalt forbod mot å bruka mobiltelefon i timane.
Sentrale Høgre-politikarar har også ivra for eit nasjonalt forbod mot mobil i skulen. Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal meiner den beste løysinga er at kvar enkelt skule utarbeider eigne reglar i samarbeid med foreldre og lærarar.