15 måtar mobiltelefonen har endra samfunnet på

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 09.02.2018 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne byen har mobilavhengige eige fortau

Kan du eigentleg sjå for deg ein kvardag utan mobiltelefon? Vi bruker mobilen til kontakt med venner og familie, til jobb, til fritidssyssel, navigering, foto og til skulearbeid. Unge mellom 9 og 24 år bruker om lag 150 minutt (2,5 timar) på internett kvar dag – det er ei auke på 100 minutt sidan 2006.

Butikkane sel stadig fleire mobiltelefonar, og til stadig yngre kundegrupper. Ei undersøking frå Bufdir viser at 91 prosent av alle barn og unge mellom 9 og 16 år har ein smarttelefon. Berre tre prosent svarer at dei ikkje har nokon tilgang til ein mobil. I 2012 hadde halvparten blant dei yngste barna (9-11 år) ein mobil, men i 2016 hadde heile 4 av 5 av desse eigen mobil.

Den raske utviklinga betyr at vi må endre samfunnet i same takt. Her er ei liste over 15 måtar livet og samfunnet er totalt forandra på grunn av den lille gjenstanden:

1. Du har alltid tilgang på nyheiter

Er det ein ting mobiltelefonen har forandra i samfunnet, er det media. Høyrer du eit smell utanfor, er det fort gjort å sjekke kva lyden var, og står du i kø, finn du raskt ut av årsaka. Laupande nyhende går i eit kjappare tempo der alt er oppdatert frå minutt til minutt.

2. Du kan bli spelavhengig

Mens jenter er meir i faresonen over å bli avhengige av sosiale medium, har gutar større risiko for å bli avhengige av mobilspel. Det tappar deg ikkje berre for pengar, men også for tid!

3. Du har alltid ein butikk i nærleiken

Netthandelen eksploderer, og truer samtidig dei fysiske butikkane sin eksistens. Det er praktisk å kunne shoppe til ei kvar tid, men samtidig kan du ikkje vite 100 prosent om du blir nøgd med varene før dei er på døra.

4.  Du veit alltid kor du er 

GPS-en viser deg kvar du er, uansett om du har køyrd deg vill eller om du vaknar på nachspiel.

Du er her, seier mobiltelefonen din.

5. Det er mykje lettare å spionere på andre, å gjere slektsforsking og sjølvsagt å halde på kontakt med folk

Mange kritiserer sosiale medium for å bidra til å spionere på andre, og det er kanskje også derfor det er blitt så populært. Men høvet for å samanlikne seg sjølv med andre blir også større, og kanskje ikkje sunt i alle tilfelle.

Det positive med sosiale nettverk er høvet til å knytte kontakt med folk i arbeidslivet eller likesinna i ei diskusjonsgruppe. For eksempel kan du finne dei som deler dine politiske meiningar eller som vel den same livsstilen. Det er også lettare å ta opp kontakt med familiemedlemmar.

6. Vi kan bli lettare distraherte og isolerte

Du har vel kanskje sett publikum ved eit stort arrangement, der nesten alle ser på det som skjer gjennom mobiltelefonen? Det er lettare å gå glipp av verda rundt oss og det som står rett framfor oss når vi heile tida har hovudet i mobilskjermen. Det er også lett å bli distrahert når ein jobbar med noko, og til stadig blir forstyrra av pling-lydar eller notifications.

Nokre meiner også at vi blir meir isolerte frå kvarandre på grunn av telefonen, mens andre hevdar at vi tvert imot blir meir sosiale.

Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina / Unsplash

7. Vi søv dårlegare

Mange studium dokumenterer at tenåringar søv dårlegare på grunn av mobiltelefon og PC. Mobilbruk ved leggetid er den andre mest vanlege årsaka til vanskar med å søve. Jenter bruker meir tid på mobil ved leggetid enn gutar. Moglege forklaringar på at søvnen blir redusert med mobilbruk, er at lyset gjer dei vakne, men også at skjermbruk drar ut i tid.

8. Vi endrar byane

Når du går på gata, ser du mange med hovudet i mobilen, og det har vore rapportert om ulykker der gåande har blitt påkøyrd eller ramla i hol i bakken. I tillegg er det mange sjåførar som nyttar mobiltelefonen mens dei køyrer, sjølv om det ikkje er lovleg.

Gåande mobilbrukarar er også potensielt farlege. I ein by i Kina har dei funne si eiga løysing på problemet: Eit fortau til gåande med mobiltelefon. Mobile phone lane viser korleis vi er villige til å forandre byane våre for å tilrettelegge oss rundt det mobile samfunnet.

9. Du kan sjekke helsa di

No kan du ta direkte kontakt med ein lege gjennom ulike appar og sider på nettet. Visse tenester tilbyr til dømes at ein lege analyserer føflekkene dine gjennom foto som du sender inn. Du får også mykje informasjon på nettet om helsespørsmål – i nokre tilfelle litt for mykje informasjon (at alt du googlar er kreft).

Mobilteknologi har også bidratt til å hindre store helsetruslar. Malaria No More er eit døme på det. Gjennom SMS-kampanjer får folk informasjon om førebygging, testing og behandling av malaria.

Det florerer av helseappar.

10. Marknadskreftene veit meir om deg

Både Facebook og Google samlar informasjon om deg, basert på aktivitetar og trafikk på nett. Denne informasjonen kan dei selje til tredjepartar slik at du får individtilpassa reklame og marknadsføring. Forskarar har også vist at dei kan predikere med 99,3 prosent sikkerheit kva ein person kjem til å gjere i framtida, basert på informasjonen dei etterlot seg på nett.

Facebook sel informasjon om deg slik at du får reklama tilpassa dine interesser.

11. Banktenester er meir tilgjengelege

Ifølge World Bank er halvparten av alle vaksne menneske i verda utan bank. Mobiltelefonen tilbyr tilgang til ein konto og banktenester, forsikring og lønningar. Mobilbank har blitt stort i Afrika, med ein større marknad for mobilbank her enn på marknaden til Europa og Nord Amerika til saman.

12. Du kan lære meir om andre land, reise, og lære deg nye språk

Kva er meir informativt enn å finne ut kva som er hovudstaden i Kambodsja på 0,58 sekund? Mobilen tilbyr dessutan fleire språkkurs, kart og vegforklaring. Har vi nokon gong visst meir om verda enn vi gjer i dag?

13. Det er enklare å vere bonde

Mobiltelefonar har gjort det enklare for bønder å vite marknadsprisane, for no kan dei finne dei på mobilen i staden for å måtte reise langt til marknaden. Dessutan kan bonden følge kyrne sine reproduksjonssyklusar gjennom mobiltelefonen, slik at dei kan vite når dei skal pare dyra.

14. Du kan finne jobb

No finst det fleire appar der du kan kome i kontakt med arbeidsgjevarar. I tillegg lar ulike nettverk deg kome i kontakt med dei som søker din kompetanse.

15. Vi kan bli mobil-avhengige

I tillegg til søvnproblem kan mange av oss bli heilt avhengige av å stadig følge med på mobilen. To tredjedelar av oss rapporterer til og med om fantomtelefonar! Det vil seie at vi trur telefonen ringjer, sjølv om han ikkje gjer det.

Konklusjonen er: Mobilen kan bidra til mykje nyttig. Men det er viktig å kople av og ikkje la han overta livet ditt.