Første jakta

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er først publisert i Hallingdølen.

10. september gjekk startskotet for årets jakt. Både Gaute og søskenbarnet Live har fått fri frå skulen, og saman med fedrane sine reiser dei inn på vidda for å leite etter fjellryper.

Dei skal det visstnok vera mange av i år. Teljing og taksering har vist lovande tal for to rykande ferske jegerar, som skal forsøke å få fugl på kornet for første gong.

– Eg har ikkje skote så veldig mykje enno, men om det kjem nokon ryper så skal det gå greitt, seier Gaute.

Han er kledd i grønt. Ved sida av av han sit søskenbarnet Live Hjertaas Sporan i oransje jaktjakke. Ho er eitt år eldre, men dei har begge tatt jegerprøva i sommar. Om nokre dagar skal dei endeleg få lov å gå med børsa på ryggen sjølve.

Les også: Løyndomane i skogen

Foto: Lillian Holden

Til no har jegerlivet deira handla om å vera med fedrar og bestefedrar på jakt. Då har dei vore «hjelparar». Søskenbarna har bore både børser og kjøt ned att frå fjellet.

Dei har vore med på elgpost, og gått milevis etter rein innover vidda. Heilt frå dei var små har dei høyrd på bestefars jakthistorier, og masa om å få vera med når pappa har drege på jakt.

Og sjølvsagt har dei fått bli med. I mange år no har dei vore med på leit etter storviltet.

– Eg greier det ikkje åleine enno, men eg har grei kontroll, seier Gaute.

Les også: – Nordmenn er redde for å miste naturopplevingar

Line brukte konfirmasjonspengane til å kjøpe ei hagle. Foto: Lillian Holden

Brukte konfirmasjonspengane på hagle

I vår vart Live konfirmert. Ho var ikkje i tvil om kva ho skulle bruke pengar på: Ho ville ha eiga børse.

Slik blei det sjølvsagt. Hagla er plukka ut og bestilt – litt tilpassing, og ho er klar til bruk.

Kikkert fekk ho også på konfirmasjonsdagen, så no er begge ungdommane godt utstyrt. Jegerprøva greidde begge med glans.

No skal dei ut på såkalla opplæringsjakt. Frå fylte 14 år kan ein jakte småvilt under forsvarleg tilsyn av ein jeger.

Les også:  – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

Aller mest stas med storviltjakt

Gaute Sporan Tollefsen og Live Hjertaas gler seg til første jaktdag med eiga børse. Foto: Lillian Holden

– Kva er det som er så fascinerande med jakt?

– Ein kjem seg ut i naturen og får mange fine opplevingar, seier Gaute.

– Dessutan er det spennande å gå etter dyra, seier Live.

Sjølv om det blir rypejakt på dei ferske jegerane i haust, er det storviltjakt som er aller mest stas.

Det er det Gaute og Live har vore med fedrane på i mange år allereie.

Bikkje som rømte heim att

Gaute flytta til Norefjord omtrent då han begynte på skulen. Det var då faren begynte å ta han med på jakt.

– Det første eg hugsar er at me sat midt i ein bekk på nokon steinar, seier han og gliser. Lives første jaktminne er også frå elgpost.

– Det var på Tunhovd. Me jakta med bikkje – men den rømte heim att, ler ho.

Frå fylte 16 år kan ungdommane gå på opplæringsjakt også på storvilt. Det gler dei seg endå meir til.

– Det er heilt sikkert. Det er det eg kjem til å drive med når eg blir gammal nok, seier Gaute.

Les også: Ny app gjev turgåarar høve til å verte klimaforskar

Byttar klasserom mot Hardangervidda

Skulen har alt fått beskjed om at Live og Gaute må ha nokre fridagar i haust for å jakte. Dei byttar klasserom mot Hardangervidda ei heil veke. Då byttar dei også ut lærarar med to jegerfedrar.

Søskenbarna Live og Gaute har både sett og prøvd seg på slakting av dyr. Da gjeld det å ha god kniv. Foto: Lillian Holden

No er søskenbarna budde på ein haust med mykje trasking i fjellet. Først etter rypa, før også elgjakta startar. Der handlar det om å sitje på post – og håpe på ok vêr.

Lives pappa og Gautes onkel, Nils Runar Sporan, har vore instruktør på jegerprøvekurset dei to har teke no i sommar. Han er godt fornøgd med rekrutteringa av unge jegerar i distriktet.

– I år hadde me cirka 20 stykk med på kurs, av desse var omtrent halvparten på alder med Gaute og Live. Det har vore ganske jamn deltaking på desse kursa. Nore og Uvdal er jo ein jaktkommune der ein kan drive all type jakt, seier han.

Bra rypeår

Han trur rypejakta i år blir ein bra start for ferske jegerar som Live og Gaute.

– Inne på Hardangervidda er det veldig tett med rype i år, så skotsjansane er der. Me skal jakte mest fjellrype. Dei kan vera litt tronge og trykke lenge – dermed kan dei koma springande rett føre føtene på dei. For nokon år sidan var det jo nesten ikkje rype i fjellet. Då er det ikkje like gøy, seier han.

No gler Live og Gaute seg stort til jakta skal starte. Men nokon nedteljing av dagar driv dei ikkje med.

– Nei. Me får vente til dagen kjem, seier ein nøktern 14-åring.

Les heile saka i Hallingdølen.