Ho kan vinne gull for Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.01.2019 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart overraska og glad. Det følast stort!

Maren Hilde Verlo fortel om korleis det er å få vete at ho er ein av 14 handballspelarar som i mars reiser til Abu Dhabi med norskeflagget på brystet.

Ho fortel om då landslagstrenaren ringde medan ho dreiv på med heilt daglegdagse ærend. 29-åringen var på butikken, så ho tok ikkje telefonen. Heldigvis ringte trenaren oppatt, og landslagsdraumen var eit faktum.

– Eg har visst om det i fire månader no, men eg måtte halde det hemmeleg i starten, seier ho. 

Men no er nyheita ute, og det ligg ei landslagsdrakt i klesskapet heime.

Gullhåp

For tredje gong sender Noreg eit kvinnelandslag i handball til World Games i Special Olympics. Det er verdas største idrettsarrangement for personar med utviklingshemming. Frå 14. til 21. mars skal til saman 7000 utøvarar frå 177 land konkurrere i 24 ulike idrettar.

Frå Noreg reiser 28 utøvarar til Dei sameinte arabiske emirata for å konkurrere i sju ulike idrettar. 

Sist gong eit norsk kvinnelag i handball deltok, i 2011, kom laget heim med edelt metall i kofferten – sjølvaste gullmedaljen.

Les også: Kva skal til for å bli toppidrettsutøvar?

Heile livet på handballbana

Maren Hilde Verlo har spelt handball nesten heile livet. Ho kjem frå den vesle bygda Utvik i Sogn og Fjordane. I oppveksten spelte ho på det lokale jentelaget, Vikane IL, heilt fram til bygdene ikkje lenger hadde nok handballinteresserte jenter til å stille lag.

Då måtte den ferske landslagsspelaren ufrivillig ta ei pause frå handballbana, fram til ho byrja på folkehøgsskule utanfor Trondheim.

Kvifor starta du å spele handball igjen?

– Det er ein idrett eg likar å drive med, og så var det også litt for å halde meg aktivt, fortel Hilde Verlo, før ho legg til: 

– Og så er det jo sosialt då! 

Sidan ho var 11 år og sprang rundt i idrettshallen heime fram til no har 29-åringen endra seg mykje som handballspelar, fortel ho.

– Eg har begynt å skyte meir mål, det gjorde ikkje eg like mykje før, seier Verlo og smiler. 

Maren Hilde Verlo treng berre eit ord for å skildre kjensla ho får når ho spelar handball: Glede. Foto: Bente Kjøllesdal

Les også: Den vesle bygda med det store rocksamfunnet

Saman både på og utanfor bana

No bur Maren Hilde Verlo i Førde. Der jobbar ho i kantina på rådhuset, og har dei siste fem åra vore aktiv i det lokale handballaget for personar med psykisk utviklingshemming, Førde United. Dei har felles trening kvar onsdag, og spelar kamp omlag ein gong i månaden.

– Det er eit veldig fint lag, fortel ho.

– Vi er spelarar frå ned til 17-årsalderen og opp i 40-åra på laget, så det er litt forskjellig alder på folk.

Samstundes spelar både kvinner og menn på same laget. Verlo forklarer at dei er ein samansveisa gjeng som også er venar som er saman utanfor handballhallen.

Den nybakte landslagsspelaren er sjølv kaptein på laget, endå ho er ganske audmjuk om den æra. 

 Det er jo eigentleg trenaren som bestemmer, men eg kan gje dei tips om kvar dei skal stå når vi er ute på bana og slike ting, seier ho. 

På Førde United spelar Verlo anten som bakspelar eller ving. Mykje som handballspelaren ho sjølv ser mest opp til, Nora Mørk.

Les også: Ein plass for dei spesielt interesserte

Frå Jessheim til Abu Dhabi

Laget som reiser i samla tropp til den arabiske halvøya i mars, har allereie vore på landslagssamling på Jessheim. 

Verlo fortel at ho var ganske nervøs i førekant. Ikkje kjende ho nokon frå før av, og ho frykta ho ikkje skulle kome overeins med dei andre. Men det viste seg fort at det ikkje var grunn til uro.

– Det var kjekt! Dei hadde laga eit godt program slik at vi alle fekk trene saman, og verte kjende.

No gjenstår berre éi landslagssamling over nyttår før turen går vidare til Abu Dhabi.

Maren Hilde Verlo er spent, men gler seg til det meste: til opningsseremonien og til å trå ut på parketten for første gong med landslagsdrakta på. Det er berre eit hinder før den tid: flyturen dit.

– Det er kanskje det eg gruar meg mest til, avsluttar handballspelaren.

Foto: Bente Kjøllesdal