Kaia kryssa Jotunheimen, og sett vekk i frå eit kamera var ho heilt åleine

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no

Årdal: Årdalsjenta sat i bustaden sin i Stavanger og såg på TV då ei reklame for serien Helt Alene dukka opp på skjermen.

Ideen slo ho, og plutseleg var ho ein av åtte deltakarar som skulle leggja ut på tur heilt åleine, med berre nokre kamera som selskap.

27-åringen fortel til Porten.no at det var ei utfordring å plutseleg skulle gjera alt heilt sjølv.

– Heime i Årdal har eg gått på dagsturar då eg var liten, men det var heilt nytt for meg å gå på tindane heilt oppe på fjellet. Det var første gong eg sette opp telt og brukte stormkjøkken og GPS, seier ho.

Saka held fram under biletet. 

MEIRSMAK: Årdølen fortel at turen til Hurrungane vekka turlysten i henne. Her på toppen av Nordre Skagastølstind. Foto: Kaia Høl Fredheim

Les også: Guro skal kjempe seg opp mot nordkapp

Ei minnerik oppleving

Helt Alene er ein serie der unge menneske med ulik erfaring frå naturen får testa grensene sine då dei legg ut på turar som dei har valt sjølve, heilt åleine. Dei har ingen å  spørja eller snakka med undervegs.

Turen Høl Fredheim valde starta frå Turtagrø og gjekk til Hurrungane. Ein tur ho totalt brukte seks dagar på å gjennomføra.

Saka held fram under biletet. 

VAKKERT UTSYN: Når Kaia skulle på tur igjennom Jotunheimen stogga ho innom Skagastølsvatnet. Foto: Kaia Høl Fredheim

Innspelinga tok stad i juli i fjor, og då programmet vart vist på TV sist veke, sat Høl Fredheim foran skjermen saman med mor og far.

Ho seier ho synest det var kjekt å sjå tilbake på den minnerike opplevinga.

– Kva hugsar du best frå turen? 

– Eit veldig fint minne, var frå den kvelden før eg skulle reisa tilbake, etter å ha fullført turen. Då starta det å regna og så kom det ei stor regnboge på himmelen, det var spesielt. Det var nesten som ei lita feiring for meg, sidan eg klarte det.

Les også: Are Kalvø meiner fjellheimen er oppskrytt

– Stolt

Høl Fredheim fortel at ho var heldig med vêret på turen, med sol og opplett heile vegen, sett vekk i frå siste natta.

– Var det noko som var skummelt?

PÅ TUR: Kaia Høl Fredheim melde seg på NRK-programmet Helt Alene, og utførte ein seks dagar lang tur igjennom Jotunheimen. Foto: Erik Waage / NRK

– Nokre av tindene var ganske skumle å gå på. Ein av dei var nok litt meir utfordrande enn eg hadde trudd. Det var ganske hard snø og utruleg bratt.

– Eg skalv litt etterpå då eg kom ned att og det slo meg kor gale det kunne ha gått dersom eg hadde falle.

– Kva sit du igjen med, er du litt stolt? 

– Ja det er eg. Det var ei utfordring for meg, som var litt av årsaka til at eg søkte i det heile tatt. Eg tenkte at det kunne bli spanande og utfordrande. Eg sit att med ein ganske minnerik oppleving. Det var verdt det, og det gav meirsmak. Eg vil nok ikkje gå den skumle tinden aleine, då vil eg ha med fleire.

Ho fortel at ho reiste opp att til same staden i sommar, for å mimra litt. Men det vart ikkje det same.

– Langt ifrå. Neste gong vel eg nok ein ny stad å utforska.

Les også: Løyndomane i skogen