Fleire låner i staden for å kjøpe

Det er ikkje naudsynt å kjøpe ski, sko og stavar for å vere aktiv i påsken. Fleire tar turen til såkalla utlånsbibliotek framfor sportsbutikken før dei skal på tur. 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

–Dei BUA-ordningane som var i drift i januar og februar i fjor, har dobbelt så mange utlån i år. No som folk flest byrjar å bli merksame på moglegheita for å låne, er behovet langt større enn det me har utstyr til å låne ut, seier Monica Vogt, dagleg leiar i BUA.

Den nasjonale foreininga BUA jobbar for at fleire barn og unge skal vere aktive uavhengig av sosioøkonomisk status. BUA tilbyr eit system for utlån og hjelp til oppstart til kommunar, idrettslag og foreiningar. Sidan starten i 2014 har BUA opplevd ein jamn auke av folk som vil låne sports- og friluftsutstyr. I fjor hadde BUA 27.787 utlånte utstyrseiningar. Allereie innan slutten av februar i år hadde dei 30.490 utlån.

– Det er stort utlån over heile landet. Det er ingen regionar som peikar seg ut, for i år er det tomme hyller frå sør til nord og frå aust til vest, seier Vogt.

Utlån i heile landet

Lokale BUA-ordningar finst på 55 stader kringom i Noreg. Sidan januar i fjor har 18 nye utlånsordningar komme til. I Eid i Sogn og Fjordane har folk kunne låne sports- og friluftsutstyr gratis sidan desember i fjor. Her er det kommunen gjennom LA-senteret og Nav som organiserer utlåna. Andre stader er det idrettslag eller organisasjonar som står for utlåna.

– «No har eg lånt så mykje, kan eg verkeleg låne meir?» Det er ein typisk reaksjon frå folk som kjem innom for å låne turutstyr, fortel Silje Nesbakk. Ho er miljøterapeut ved LA-senteret i Eid kommune og jobbar med BUA i Eid.

GODE FJELLMINNE: Mange kan gle seg over gode opplevingar i fjellet denne påska. Biletet viser ein påsketur i Hareid kommune. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

I år har dei hatt 250 utlån fordelt på om lag 400 utstyrsartiklar, fortel Nesbakk.

– No er det mest skipakkar, truger og akebrett som blir lånt ut. Og så har vi tre pulkar, dei er veldig populære. Pågangen av folk som vil låne aukar og aukar, særleg no før påske, seier Nesbakk.

Eit berekraftig val

BUA samarbeider mellom anna med Snowboardforbundet, Norges idrettsforbund og Norsk Friluftsliv. Sistnemnde organisasjon er glad for den rekordhøge utlånsinteressa dei opplever.

– Takka vere allemannsretten har me gratis tilgang til naturen og friluftslivet, men stundom treng ein utstyr. Då er ordningar som dette gull verdt. BUA gjer friluftslivet meir tilgjengeleg for alle, og dei er også eit viktig miljøtiltak i ei tid der flott og brukbart utstyr ofte blir ståande ubrukt i boda, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.

Fire av ti ville heller ha leigd turklede og turutstyr enn å eige det sjølv, viss det hadde vore mogleg på ein enkel måte, viser ei undersøking frå Framtiden i våre hender.

– Det er bra for miljøet, dei med litt dårlegare råd og for alle dei som vil låne topp utstyr heilt gratis framfor å eige ting dei sjeldan brukar. Det minskar også kjøpepresset i samfunnet som mange føler på i kvardagen. At fleire får tilgang til sportsutstyr kan også styrke folkehelsa, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

Fleire nordmenn ønsker å leige framfor å kjøpe nytt. Det er bra for både miljøet og folkehelsa, seier leiar av Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix / NPK

Må vere enkelt å låne

Riise er positiv til at det dukkar opp fleire stader ein kan låne utstyr, men ho meiner tilbodet bør styrkjast og at det må bli enklare å låne framfor å kjøpe.

–Utleigemarknaden er førebels for lite. Det er vanskeleg for aktørar som jobbar med utleige å konkurrere med store lågpriskjeder. Difor burde politikarane innføre nullmoms på utleige, som vil gjere det enklare å leve av utleige.

I Eid er dei i ferd med å etablere seg som eit alternativ til sportsbutikkane. Silje Nesbakk er klar på at det skal vere enkelt å låne.

– Dette skal vere eit lågterskeltilbod. Det som er morosamt er å sjå korleis folk reagerer når dei kjem for å låne. Dei blir imponert over kor mykje utstyr me faktisk har. Alle kan låne og det er gratis. Det er i grunn for godt til å vere sant, seier Nesbakk.