Gilberto Mora er VMs yngste spelar

17-åringen frå Mexico drøymde om å spele på dei same banene som Messi, Ronaldo og Neymar. No kan draumen bli sann.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Heilt ærleg inspirerer det meg mykje at folk har så høge forventningar til meg og trur eg kan nå langt, seier Gilberto Mora i eit intervju med magasinet GQ Mexico.

Mora er ifølgje Fifa den yngste spelaren i årets fotball-VM for herrar.

På VMs opningsdag er meksikanaren 17 år og 240 dagar.

VMs yngste spelarar

Alder på opningsdagen av VM 11. juni 2026:

1: Gilberto MoraMexico (17 år og 240 dagar)

2: Hugo SochurekTsjekkia (18 år og 4 dagar)

3: Ibrahim MbayeSenegal (18 år og 138 dagar)

4: Hamza AbdelkarimEgypt (18 år og 161 dagar)

5: Bara Sapoko NdiayeSenegal (18 år og 162 dagar)

6: Mladen JurkasBosnia-Hercegovina (18 år og 247 dagar)

7: Ayyoub BouaddiMarokko (18 år og 252 dagar)

8: Kerim AlajbegovicBosnia-Hercegovina (18 år og 263 dagar)

9: Rayan ElloumiTunisia (18 år og 267 dagar)

10: Lucas HerringtonAustralia (18 år og 279 dagar)

11: Behruzjon KarimovUsbekistan (18 & 308)

12: Lamine YamalSpania (18 år og 333 dagar)

13: Kendry PaezEcuador (19 år og 38 dagar)

14: Tyler FletcherSkottland (19 år og 84 dagar)

15: Luka VuskovicKroatia (19 år og 107 dagar)

16: Pau CubarsiSpania (19 år og 140 dagar)

17: Yan DiomandeElfenbeinskysten (19 år og 209 dagar)

18: RayanBrasil (19 år og 312 dagar)

19: EndrickBrasil (19 år og 325 dagar)

Heimehåp

Mexico er vertsnasjon for fotball-VM saman med USA og Canada.

Etter fiaskoen i 2022, der Mexico rauk ut i gruppespelet, håpar meksikanarane no at det unge stjerneskotet kan bidra til at laget får revansje.

– Eg er veldig motivert for å representere landet mitt på heimebane og vise at vi er eit sterkt lag og at vi kan kjempe, seier Mora i intervjuet med GQ.

Sportsnettstaden ESPN spår at Mora kan bli årets store gjennombrot i VM.

Stjerneskot

Gilberto Mora er son av ein meksikansk fotballspelar med same namn.

17-åringen spelar til dagleg for klubben Tijuana i den meksikanske toppdivisjonen Liga MX. Ifølgje ESPN har han blitt kopla til storklubbar i Premier League, og Real Madrid og Barcelona.

Trass sin unge alder har Mora oppnådd mykje på fotballbana.

Som 15-åring blei han den yngste målskåraren i Liga MX si historie. Som 16-åring blei han tidenes yngste til å vinne eit internasjonalt trofé, med Mexicos siger i Concacaf Gold Cup. Det er det nord-, mellomamerikanske og karibiske meisterskapet.

Gilberto Mora under ei trening i Mexico City 8. mai 2026. Foto: AP Photo/Fernando Llano

Draumemøte

– Eg likte å tenke at eg ein dag kunne spele på dei same banene som fotballspelarane eg beundra, som Cristiano Ronaldo, Lionel Messi eller Neymar, fortel Mora til GQ.

Akkurat det kan 17-åringen faktisk oppnå. Ikkje berre kan han spele på same bane som idola sine, han kan faktisk ende med å møte dei i kamp. Ronaldo, Messi og Neymar er alle tatt ut i troppen til landslaga sine.

Men då må Mexico gå vidare frå gruppespelet. Kanskje får vi sjå Mora i aksjon allereie i opningskampen mellom Mexico og Sør-Afrika 11. juni.