Sigrid (23) meiner hennar generasjon var prøvekaninar med smarttelefon

– Eg byrja å skrive igjen og tok fram gitaren, seier Sigrid Hauge Nustad, som la bort smarttelefonen og fekk meir tid til hobbyar.

William Matteus Fonn
Publisert

Sigrid Hauge Nustad (23), har lenge vore fascinert av korleis teknologi formar kvardagen vår. Ho har vakse opp med skjermutviklinga og sett korleis skjermen fekk ei større og større rolle i hennar eige liv og i samfunnet.

I tillegg til å studere psykologi ved Universitetet i Oslo, er Sigrid ein del av Honours-programmet der ein lærer om kunstig intelligens. Foto: William Matteus Fonn

Prøvekaninar

– Uansett om ein vil det eller ikkje er skjermen ein stor del av kvardagen. Og det kan verke umogleg å ta eit aktivt standpunkt til det sjølv, seier ho.

Året var 2015 då ho som 14-åring fekk ho sin fyrste smarttelefon. Ho hugsar at det var gøy og spanande. Samstundes brukte ho brått ein del tid på ting som eigentleg ikkje var viktig for ho.

– Me var prøvekaninar. Ingen visste kva dette ville seie for oss. Og det var mykje usunn internettkultur som foreldra våre ikkje hadde innsikt i, seier Sigrid.

Som ung jente, blei ho som mange andre utsett for utsjånadfokusert innhald som til dømes utfordringar som skal få ein til å sjå ut på ein særskild måte. For Sigrid gjekk det fint, men ho trur det har vore ei belastning for mange.

– Mange av tinga me såg på, på telefonen, ville foreldra våre ikkje latt oss sjå på ein TV i eit fellesareal.

Sigrid opplever at innhaldet på sosiale medium har blitt meir skadeleg dei siste åra. Difor er ho takksam for at ho ikkje er yngre.

Bestefar sin Nokia

Til dagleg studerer ho psykologi på Universitetet i Oslo. Då ho gjekk fyrsteåret på studiet fekk ho seg fleire vener som ikkje hadde smarttelefon. Og når bestefaren hennar skulle oppgradere frå nokiaen sin til ein nyare mobiltelefon spurte Sigrid om ho kunne få bestefaren sin. Han skjønte ikkje heilt greia, men det kunne ho sjølvsagt.

– Det handlar om å tørre å prøve noko nytt og sjå kva som fungerer. For meg har dette gitt meir tid, meir glede og meir ro, seier Sigrid. Foto: William Matteus Fonn

Dimed gjekk Sigrid over til å berre bruke sin nye dumtelefon og kvardagen hennar endra seg drastisk. Noko av det fyrste ho reagerte på var kor mange ledige tidsrom ho fekk i løpet av ein vanleg dag. Frå før var ho vant til å fylle alle tomromma med inntrykk frå til dømes Facebook eller nettaviser. Plutseleg kunne ho sjå på alle folka som sat rundt ho.

Ho fekk mykje meir tid og blei overraska over kor mange timar døgnet faktisk har. Ein anna ting som overraska var kor ofte ho tok seg til lomma etter mobilen, som ikkje var der lenger, eller som var mykje mindre spanande å bruke.

Sigrids tips til mindre skjermbruk:

  • Det er ikkje alt eller ingenting. Den beste løysinga ligg som regel i midten ein stad. Det er lov å teste dumteknologi og det er lov å ombestemme seg.
  • Snakk med andre som også ynskjer å bruke mindre tid på skjerm. Finn deg ein heiagjeng.
  • Ver bevisst på kva det kostar deg å bruke smartteknologi. Kva har det å seie for tida di, hukommelsen din osv. osv.
  • Smartteknologi har mykje bra for seg, men gjer ei evaluering over kva av teknologien du ynskjer å bruke og kva du klarar deg utan.
  • Kvitt deg med dei ikkje-funksjonelle appane på mobilen din.

Utfordringar utan smarttelefon

For Sigrid har det å gå over til å bruke Nokia ikkje vore eit ideologisk val, men eit personleg val. Nokre får politiske konnotasjonar av folk som vel alternativ teknologi, men for Sigrid er det ikkje knytt opp mot ein spesiell livsfilosofi. Det er berre eit val som ho meiner har gjort livet hennar betre.

Noko av det beste med å ikkje bruke smarttelefon var roa ho fekk. I tillegg til at ho sjølv kunne regulere kor mykje inntrykk ho skulle få i løpet av ein dag. Å leve utan smarttelefon er likevel ikkje ein dans på roser i eit digitalisert samfunn.

– Det er mange utfordringar. For å få kvardagen til å gå rundt er ein ganske avhengig av ein del appar som berre finst på smarttelefon, seier Sigrid.

Å kunne reise med Ruter eller sleppe inn på treningssenteret er på lista over ting som har blitt vanskelegare, men det er framleis mogleg. Det å planlegge er også vanskelegare. Men ved å byrje å få telefonnummera til folk og skrive ned litt ting på førehand kan ein lære seg det også. Å overføre pengar via nettbank viss ein har lagt ut, er blant tinga som kan vere litt slitsamt, og det å reise er alltid litt tungvint.

– Ein gong stod eg i kassa på matbutikken og hadde ikkje meir pengar på kortet. Det å ikkje berre kunne overføre når eg stod der, men faktisk gå heim og gjere det, er blant historiene som minner meg på at livet med smarttelefon kan vere ganske lettvint, fortel Sigrid.

Andre gonger har ho opplevd å måtte vente i eit kvarter på vener ho skulle treffe, men som sa at dei blei forsinka gjennom sosiale medium i staden for SMS.

I dag byter Sigrid iblant tilbake til smarttelefon. Spesielt i periodar med mykje reising eller mykje jobb vel Sigrid å ta opp igjen smarttelefonen sin. No har ho nyleg hatt fire månader med dumtelefonen sin, og det er det ho liker aller best.

Meir tid til hobbyar

I dei periodane får ho augneblikka tilbake og korte tidslommer blir plutseleg store. Dei fem minutta som ho tidlegare fylte med å sjå på mobilen kan plutseleg bli fylt med noko meir meiningsfylt. I tillegg blir merksemda betre.

 

Noko av det aller beste er at ho får meir tid til hobbyane sine. Det å skrive har mellom anna vore viktig for Sigrid.

– Det å kunne bruke dei små tidslommene i kvardagen til å skrive ned litt tankar er mykje betre enn å alltid skulle fylle hovudet med tankar utanfrå.

I tillegg er ho glad i musikk og har fått meir tid til å spele gitar etter at ho byrja å bruke dumtelefon. Både musikk og skriving er ting ho har likt å gjere sidan ho var liten, men ho fekk mindre tid til det etter kvart. Ho trur det var på grunn av smarttelefonen.

Klesvasken heng ute i Sora i Italia. | Foto: Sigrid Nustad Hauge
Ei kyrkje i Montecreste i Italia. | Foto: Sigrid Nustad Hauge
Jostedalsbreen. | Foto: Sigrid Nustad Hauge
Nokre sebraar ved Hluhluwe i Sør-Afrika. | Foto: Sigrid Nustad Hauge
Eit analogt bilete frå Stellenbosch i Sør-Afrika. | Foto: Sigrid Nustad Hauge

Ho er blitt glad i det saktegåande, deriblant analog fotografering. Foto: William Matteus Fonn

Vente to veker på bilete

Fotografering er ei anna interesse Sigrid har. For å ta bilete brukar ho det analoge kameraet sitt. Etter ho skaffa seg dumtelefon som tar ganske dårlege bilete fekk ho ein motivasjon til å ta med seg kameraet i kvardagen. Kombinert med ei større merksemd for omgjevnadane får ho ofte tatt vakre bilete. Og at det tek eit par veker å framkalle bileta synest ho berre er sjarmerande.

Sigrid er fornøgd med det forholdet ho har til skjerm no. Men det krev ein del planlegging og ho trur det vil bli vanskelegare og vanskelegare. Difor er ho ikkje ein prinsipiell brukar av dumteknologi, men opptatt av å finne ein måte å bruke teknologi på som passar for ho. Den aukande merksemda og debatten rundt skjermbruk håper ho vil føre til nye løysingar og teknologi som kan gjere det lettare å ta sjølvstendige val i forhold til teknologi.

Reaksjonar frå andre

Fleire av dei Sigrid møter forstår ikkje kvifor ho har tatt valet ho har tatt. Men mange synest også det er kult og skulle ynskje at dei kunne gjere det sjølv.

– Det som hjelpte meg til å ta steget var at eg hadde vener som gav meg oppmuntring og praktiske tips.

Av gjengen som Sigrid fyrst kopla av saman med, er det nokon som har halde fram og nokon som har byrja med smarttelefon igjen. Sjølv ynskjer ho å kjempe for at ein kan ha både smarttelefon og dumtelefon, slik ho har. Det å gjere det til eit anten eller-val gjer terskelen mykje høgare.

Eit vanskeleg val

Det å leve utan smarttelefon er eit vanskeleg val og Sigrid opplever det som eit offer. Utfordringane ho møter for å fungere i kvardagen gir ho ei oppleving av at det ikkje er heilt friviljug lenger, om ein vil bruke smartteknologi eller ikkje. Ho trur fleire er einige og at hennar generasjon spesielt kjenner at skjermen er påtrengande. Difor synest ho det er verdt det.

Er det ikkje berre å kutte ned på bruken, har Sigrid høyrt folk seie. Ho synest det blir for naivt.

– Smartteknologien er ikkje designa for vårt beste, men for at me skal bruke mest mogleg tid på det. Designa er bygde imot oss. Og av folk som veit godt korleis menneske fungerer.