Helleland støttar mobilfrie skular

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier ministeren til Adresseavisen.

Hoeggen ungdomsskule var, for to og et halvt år sidan, den første skulen i Trondheim med mobilfri sone. Skulen har sidan meldt om positive erfaringar og elevar i meir bevegelse og sosialisering. Bleiker vidaregåande skule i Asker har på si side innført obligatorisk låsing av mobilar i låsbare posar.

I Noreg er det opp til den enkelte skule korleis mobilen får brukast, men Helleland ønsker å løfte fram mobilforbod som ei nasjonal sak.

– Eg er opptatt av at alle ungar skal ha moglegheita til å vere til stades i skulekvardagen og ha minst mogleg forstyrringar. Å oppleve nokre timar i døgnet som er mobilfrie, er veldig viktig. Om nokre år ser vi effekten av mobilbruken som no går føre seg, og eg er redd for kva vi vil sjå, seier ho.

Les også: Frankrike forbyr smarttelefonar i grunnskulen

Bekymra minister

Helleland er bekymra over effekten sosiale medium kan ha på ungdommar.

– Vi ser eit ekstremt press på korleis ein eksponerer seg sjølv, og kva ein blir eksponert for. Før var det læraren eller nabojenta som var rollemodellen, no er det Kardashians og bloggarane. Det er veldig viktig at skulen snakkar om dette, seier ho, og understrekar at eit nasjonalt forbod ikkje er behandla i regjeringa.

Les også: Elevorganisasjonen: – Feil å forby mobilen med mindre elevane vil det

Tillit til lærarane

Leiaren for utdannings- og forskingskomiteen, Roy Steffensen (Frp), er ikkje like overbevist om at mobilforbod er vegen å gå.

– Eg er i utgangspunktet skeptisk til at vi skal detaljstyre skulen frå Stortinget, og synest skulane sjølv bør få vurdere bruken av telefon. Eg har tillit til at lærarane og rektorane klarer å handtere dette på ein god måte dersom ein meiner det øydelegg for undervisninga, seier Steffensen i ein kommentar til NTB.

– Mobiltelefon og bruk av sosiale medium er kanskje ein av vår tids største folkesjukdommar, og påverkar nok konsentrasjonen. I arbeidslivet kan ein heller ikkje forvente å få sitte med Snapchat og Facebook heile dagen, så eg har stor forståing og aksept for om skular ønsker å styre mobilbruken, legg han til.

(©NPK)