Denne jula krev vi at politikarar tek ansvar

Frivillige i KFUK-KFUM Global
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Medan fyrste snøen fell i Noreg og juletrelysa vert tende, møttest verdsleiarar i Polen for å bestemme korleis vi skal nå måla i Parisavtalen. Dette kan verke fjernt, men det som blir bestemt her nede handlar om di, mi og vår framtid.

Jula er ei tid for å bry seg og lyfte blikket. Det handlar om å bry seg om familien som er nær, eller å vise at ein set pris på menneska rundt seg. Samtidig handlar jula om å lyfte blikket for alle menneske.

I år ønskjer vi oss at vi også lyfter blikket for klimaendringar. I framtida kan generasjonar og millionar av menneske på jorda vår råkast av klimaendringar. Vi ønskjer også at vi støttar politikarar som tek klima på alvor for å sikre at julefreden kan senkast år på år.

I år ønskjer eg meg at vi også lyfter blikket for klimaendringar

Klima kjennest ofte fjernt, håplaust og vanskeleg. Det er utfordrande å lyfte blikket i ein kvardag som elles krev mykje av kvar enkelt. Samtidig er dette ein av vår tids største utfordringar.

Vi veit at klimaendringar kan tvinge millionar vekk frå sine heimar. Vi veit at det krev ein enorm innsats å stake ut ein ny kurs. Vi veit heldigvis også at det framleis er mogeleg å avverje store katastrofar. Dette seier 1,5-gradersrapporten frå FNs klimapanel tydeleg ifrå om. Det er på tide å stole på kunnskapen frå 97 prosent av verdas forskarfellesskap.

I år vil vi gje klimafokus i gåve. Vi vil strekkje oss for å gjere jula litt meir klimavenleg. Blant anna kan ein gje bort brukte gåver, opplevingar og tenester i julegåver. For å komme oss heim til jul kan vi velje å ta buss. I tillegg kan vi få med familien på ein vegetarmiddag mellom ribba og pinnekjøtet.

Nokre av desse alternativa er enkle å få til, andre er utfordrande. Det tek gjerne litt ekstra tid å reise heim med buss. Om ein skal langt vel ein ofte fly framfor buss for eksempel, av og til er det vanskeleg å velje klimavenleg.

Sjølv om vi ynskjer å strekkje oss for klima, følest det ofte vanskeleg å gjere noko åleine i eit system som favoriserer fortida. Politikarar må difor ta over der vår forbrukarmakt ikkje strekk til.

Politikarar må difor ta over der mi forbrukarmakt ikkje strekk til.

Til jul ynskjer vi oss at politikarane tek ansvar for framtida vår, også i statsbudsjettet.

Vi treng realistisk klimapolitikk for å nå 1,5-gradersmålet. I tillegg til at vi må kutte 53 prosent av vårt klimagassutslepp innanfor eigne landegrenser, må vi bidra økonomisk for å møte vårt historiske ansvar.

Rapporten, Norways Fair Share, er skrive på oppdrag frå Regnskogfondet, Kirkens Nødhjelp, Naturvernforbundet og Forum for utvikling og miljø for å avgjere Noreg sitt rettferdige bidrag. Konklusjonen er at Noreg må løyve 50 mrd. kr til utsleppskutt i resten av verda.

For å møte vårt historiske ansvar, skal vi i tillegg gi 15 mrd. kr til andre land, for at dei kan tilpasse seg klimaendringar. No er det opp til regjeringa, med Erna i spissen, å handle.

Denne jula ynskjer vi ikkje fleire lovnader om gåver til klima, vi treng ei ansvarspåskriving!