Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg kjøper seg fri frå utsleppskutt

Torsdag morgon aksjonerer Spire, Changemaker, Natur og Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Latin-Amerikagruppene i Noreg og Besteforeldrenes Klimaaksjon for ei ny retning i miljøpolitikken.

– Me må gå vidare frå å berre snakka om plastplukking og CO2-avgift, til å snakka om det underliggande som fører til at me ikkje gjennomfører reelle klimatiltak; det einsidige fokuset vårt på økonomisk vekst, seier Spire-leiar Hege Skarrud.

– På kva måte meiner du Noreg tar med den eine handa, og gjev med den andre?

– Me gjev klimabistand til prosjekt for utsleppskutt i det globale Sør, sånn at me kan halda fram olje- og gassproduksjonen her heime. Altså, me kjøper oss fri frå utsleppskutt gjennom å pakka det inn som bistand og klimatiltak.

– På den måten driv norske grov grønvasking, seier Skarrud.

Kritisk til økonomisk vekst

I tre av dei siste fire åra har karbonutsleppa i verda flata ut, medan den økonomiske veksten har halde fram.

Spire-leiaren peikar på at Noreg er eit av dei landa som har hatt auke i CO2-utsleppa sine sidan 1990, samstundes som me har flytta mykje av utsleppa våre til produksjonsland som Kina og Bangladesh.

Bildet viser avskoging frå ein palmeoljeplantasje i Indonesia. Foto: Forest Heroes

Hege Skarrud meiner det òg er viktig å ikkje berre sjå på klimagassutslepp, men å sjå på andre miljøutfordringar me står ovanfor.

– Til dømes har me auka biodrivstoff frå palmeolje, som vandaliserer regnskogen i Indonesia. Indonesia er eit land Noreg i tillegg kjøper seg reduserte klimagassutslepp frå gjennom kvotesystemet. Altså, me øydelegg regnskogen for å redusera utslipp med den eine handa, og prøver å verna han ved å kasta pengar på problemet med den andre, påpeikar Hege Skarrud.

Det er her fokuset på økonomisk vekst kjem inn.

– Me lever på ein planet med avgrensa ressursar, men det blir ikkje vist i det økonomiske systemet som baserer seg på evig vekst. Då sit me igjen i ein situasjon der me treng 3,6 jordklodar om alle menneske i verda skulle ha levd som oss her i Noreg. Difor er det viktig å endra fokus vekk frå jaget om økonomisk vekst for oss her i Noreg, me treng ikkje fleire nullar tikkande inn i Oljefondet, me treng heller ei omfordeling av ressursane i verda som møter alle sine behov innanfor grensene til naturen.

Les meir om biogass: Frå grøne posar til gass og grøne jorder

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg i ein regnskog i Mexico i 2010. Foto: SMK

– Kan ikkje kjøpa oss fri

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg forsvarte olje- og gassindustrien i Noreg og økonomisk vekst med at det kan betala for billegare og meir effektive klimatiltak i utlandet. Det er ein politikk som i stor grad har halde fram med dagens regjering.

– Kva er gale med dette?

– Heile grunntanken her er det som er problemet. Me kan ikkje kjøpa oss fri frå klimaendringane som me har kjøpt oss inn i. Det er rett at Noreg har eit økonomisk ansvar som ein rik nasjon når det kjem til klimatilpassing og globale utslepp, men vi har òg eit ansvar for å kutta utsleppa her heime, svarar Skarrud.

Aasta Hansteen-plattforma er verdas største spar-plattform. Feltet i Norskehavet har 47 milliarder standardkubikkmeter (Sm3) gass. Foto: Svein Olav B. Langåker

Frårøva bruk av eigne ressursar

Spire meiner andre land blir frårøva eigne ressursar av ein slik politikk. Gjennom å analysera tiltak i utlandet som billege og effektive hindrar me andre land i å utvikla seg.

– Dei store og viktige tiltaka er å kutta utslepp frå fossil energi gjennom å stoppa olje- og gassproduksjon, kraftfôrimport frå Brasil og norsk våpeneksport. Dette er tre store sektorar i Noreg som alle bidreg til høge klimagassutslepp, og har store konsekvensar for menneske og miljø, understrekar Spire-leiar Hege Skarrud.

Hege Skarrud serverer svarte vafler utanfor Stortinget på torsdag. Foto: Spire

Serverer svarte vaflar

Klimaaksjonistane lovar å koma med bunader, mariusgenserar og oljesvarte vafler utanfor Stortinget.

– Dei svarte vaflane høyrest litt skumle ut… er dei trygge å eta? Kva er det som gjer dei svarte?

– Her hadde me mange rundar på korleis me skulle få vaflane svarte. Me var innom det å bruka kol i vaflane, både for å få fargen og som ein symbolikk, men me forstod raskt at det ikkje er noko særleg magevennleg. Difor er det berre konditorfarge som me har putta i vaflane. Med andre ord, det er verdt å koma forbi Eidsvolls plass på morgonen førstkomande torsdag for å få ein vaffel og slå av ein prat! seier Hege Skarrud.

Her er dei fire krava til regjeringa frå miljøorganisasjonane:

  • Noreg må starta utfasing av olje- og gassproduksjon i dag.
  • Kutt i nasjonale utslepp med minst 53 % innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.
  • Klarare retningslinjer og grundigare evalueringar av menneskerettar og klima- og miljøkonsekvensar før det blir investert i internasjonale klimatilpassingsprosjekt.
  • Innføring av årleg nasjonal karbonrekneskap som inkluderer alle indirekte utslepp frå produksjon, import, eksport og internasjonal transport