Derfor er klimatoppmøtet spesielt viktig i år
Mari Hasle Einang (23) reiste til klimatoppmøtet i Katowice saman med tre andre unge aktivistar i ein lånt Tesla.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg reiser på klimamøtet for å fremme unge sine stemmer i klimakampen. Det er vi som skal arve verda, men likevel blir vi ofte oversett. Som ungdomsdelegat i den norske delegasjonen gjennom LNU er jobben min å legge til rette for ungdomsengasjement kring forhandlingane, seier Mari Hasle Einang (23) frå Changemaker.
Dette gjer ho saman med dei 22 andre unge frå norske barne og ungdomsorganisasjoner som er på klimaforhandlingane.
– Eg har køyrt elbil til Katowice saman med Sofie Nordvik frå KFUK KFUM Global, Ane Serreli frå Spire og Lotta Velin som er Sveriges ungdomsdelegat til forhandlingene. I staden for å fly ein time bruker vi tre dagar på å køyre elbil fra Oslo til Katowice. Vi strekk oss så langt vi kan for å leve miljøvenleg, og forventar det same av verdas leiarar.
– Spesielt viktig i år
– Klimatoppmøtet er i år spesielt viktig fordi vi i år skal gjere ferdig reglane til Parisavtalen slik at den kan fungere i praksis og føre til kutt av utslepp. I tillegg skal vi ha Talanoa-dialogen som er ein samtale om auka ambisjonar og samarbeid for å nå 1,5-gradersmålet, fortel Mari Hasle Einang.
På klimatoppmøtet må verdas land bli einige om rettferdige rammer for kutt, tilpassing og finansiering.
– Dette betyr at alle land må gjere sitt, basert på historisk ansvar og kapasitet. Samstundes som menneskes og naturens rettar blir styrkt og dei mest sårbare blir beskytta. Eg forventar at Noreg skal stå opp for barns rett til medverknad på forhandlingane og at dette fører til at alle land må inkludere barn og unge i all klimapolitikk.
Vil ha meir pengar på bordet
Mari Hasle Einang forventar òg meir pengar på bordet frå rike fossil-land til fattigare land som blir råka av klimaendringane, og at desse pengane blir rettferdig fordelt slik at dei ikkje skaper nye gjeldsbyrder.
Tidlegare har verdas land blitt samde om å at fattigare land skal få 100 millardar dollar kvart år fram til 2020 for å kunne tilpassa seg klimaendringane. Så langt har dei rike landa klart å stilla 55 milliardar dollar, medan private organisasjonar har stilt med 15 millardar dollar.
Spennande tur
Dei fire unge aktivistane har hatt ein spennande tur til Polen.
– Vi får leige bilen vår gjennom Nabobil som har hjelpt oss å betale sidan vi sjølve ikkje har pengar til å køyre Tesla. Men sjølv med Tesla har vi hatt skikkeleg rekkeviddeangst. Vi var stuck i Rostock etter båten fra Danmark i fem timar fordi vi først ikkje fann lading og når vi tilslutt fann det fekk vi det ikkje til å fungere.
– Men det gjekk til slutt og no har vi nettopp kome over grensa til Polen! skreiv Mari Hasle Einang til Framtida.no i ei melding laurdag kveld.
Søndag 2. desember opna klimatoppmøtet, og toppmøtet varer til 14. desember.
– Eg forventar at vi kan reise fra Katowice med vedtak som gjer at Parisavtalen kan settast ut i praksis og føre til rettferdige og nødvendige klimatiltak så fort som råd, avsluttar Mari Hasle Einang.
3 viktige saker på klimatoppmøtet
- I år skal reglane for oppfølging av Paris-avtalen gjerast ferdig, slik at avtalen faktisk fører til kutt i utslepp.
- Forhandlarane skal snakka om auka ambisjonar og samarbeid for å nå 1,5-gradersmålet.
- Verdas land skal òg bli einige om rettferdige rammer for kutt, tilpassing og finansiering – og korleis rikare land kan hjelpa dei fattigare landa med dette.