«La meg feste!»
Det skal ikkje vere eit politisk vedtak på når, kvar og med kven eg får feste med – og heller ikkje kor lenge eg får feire russetida, skriv Delia Marie Bakken Hansen (17) i Innlandet Unge Venstre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg vel sjølv om eg vil feste kvar dag i ein månad. Politikarane har ingenting med når, kvar og kven eg festar med.
Tiltak som ikkje berre straffar russen
Dei siste åra har russetida vorte eit stadig meir omdiskutert tema. Politikarane har skjønt at dei må gjere noko for å skjerme russen frå økonomisk utnytting og sørgje for at utanforskapet blir mindre.
Dette har ført til ei rekkje vedtak, mellom anna det omstridde russegenserforbodet i Innlandet fylkesting. Både Innlandet fylke og Østfold fylke vedtok før jul at russetida skal starte etter siste eksamen er gjennomført, og at ho skal ha ei avgrensa varigheit.
Eg kjenner likevel at det er noko som manglar, og etterlyser tiltak som det faktisk går an å handheve – og tiltak som ikkje berre straffar russen.
Tiltaka rettar seg i stor grad mot russen, og ikkje mot dei underliggjande problema.
Startar i feil ende
Politikarane har starta i heilt feil ende.
Ved å forby russeklede i skuletida prøver ein å avgrense den synlege grupperingstenkinga, men dette hindrar ikkje at gruppene framleis eksisterer.
Desse gruppene kjem til å eksistere uansett, også utanfor skuletida. Og sjølv om ein ikkje nødvendigvis brukar russeklede på skulen, så veit folk kven som er med i kva gruppe.
Vedtaka om når russetida skal starte og slutte synest eg òg er heilt meiningslause.
Ikkje politikk
Russetida sin varigheit er noko russen sjølv skal få bestemme. Å la politikarane bestemme det, tek frå russen fridomen til å bestemme over si eiga avslutningsfeiring.
Det skal ikkje vere eit politisk vedtak på når, kvar og med kven eg får feste med – og heller ikkje kor lenge eg får feire russetida.
Eg håpar politikarane vaknar litt, og kjem med forslag som faktisk hjelper framtidig russ – ikkje berre straffar oss.