Ungdom har mindre sex

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Samstundes som kulturen er hyperseksuell og all verdas porno er eit tastetrykk unna, er fysisk intimitet i tilbakegang. Det er uttrykk for ein ambivalens knytt til seksualitet, seier Ole Jacob Madsen, psykolog og forfattar av Generasjon prestasjon til Aftenposten.

Avisa siterer tidsskriftet The Atlantic, som stiller spørsmålet «Why are young people having so little sex?» Artikkelen viser til forsking frå USA, Sverige, Finland, Nederland og Japan.

Les også: Éin av fem unge har hatt uønskt sex

Mot rekordlåg fødselsrate

Trass i at sjekkeappar som Tinder og Grindr har gjort oss meir tilgjengelege på sjekkemarknaden er tendensen den same i store delar av den vestlege verda: Fødselsratane går ned, den seksuele debutalderen stig, og folk har generelt mindre sex.

I dag skriv Klassekampen at 2018 ser ut til å bli enda eit nytt botnrekordår for norske fødselstal. Sidan 2009, då Noreg var eit av dei mest fruktbare landa i Europa, har fødselsraten berre gått nedover. Basert på fødselstala i fjor var fødselsraten på forventa tal per kvinne nedjustert til 1,62, eit tal som er forventa å verte enda lågare når fødselstala for 2018 er klare.

Mindre sex på high school

I USA ser ein ei endring i haldningar der fleire svarar at sex mellom vaksne utanfor ekteskap ikkje er galt. Samstundes har talet på elevar på high school som har hatt sex gått ned frå 54 prosent til 40 prosent frå 1991-2017, ifølgje ei studie frå Centers for Disease Control and Prevention’s Youth Risk Behavior Survey.

Både i USA og Storbritannia har befolkninga sjeldnare sex, ifølgje forskarane.

Les også: Unge byter sex mot gåver og venskap

Japan har lenge vore kjent som landet der teknologi og karriere har ført til ein generasjon som ikkje prioriterer kjærleik og familie. Illustrasjonsfoto: Toomore Chiang, Flickr CC BY 2.0

Føregangslandet Japan

Slik sett ser det ut til at fleire delar av verda følgjer i fotspora til Japan, som no står framfor ei aldrande befolkning og låge fødselstal. I 2015 var 43 prosent av japanarar i alderen 18-34 jomfruer og stadig fleire uttrykkjer at dei ikkje vil gifte seg.

I Nederland er den seksuelle lågalderen 16 år, men den seksuelle debutalderen har auka frå 17,1 i 2012 til 18,6 i 2017.

Les også: Halvparten av unge jenter har vorte seksuelt trakkasert på fest

Generasjon prestasjon

Tal frå Ungdata tydar på at alderen for seksuell debut er på veg opp òg i Noreg, noko som kan sjaåst i samanheng med at ungdommane brukar meir tid heime med foreldra og at dei drikk mindre alkohol enn før.

I tillegg peikar både ungdommar Aftenposten har snakka med og forskar og sexolog Bente Træen på at press på kropp og utsjånad kan vere ein del av årsaka:

– Mange opplever eit press om å vere perfekt eller kompetent på veldig mange område. Då blir sex ein av tinga det er lett å velje bort, seier Træen til avisa.

Les også om 20 år gamle Remy Berland som tek eit oppgjer med kroppspresset og kan bli brun og Blid sin nye modell!

Er Remy Berland den neste Brun og Blid-modellen? Foto: Privat