mm

Éin av fem i alderen 17 til 24 år har hatt uønskt sex éin eller fleire gonger, viser ei undersøking Norstat har gjort for NRK.

Dei har spurt 600 unge mellom 17 og 24 år.

Kripos: – Kontakt lege, overgrepsmottak eller politi
Seks av ti som har hatt uønskt sex svarer at dei gjorde det for den andre si skyld. Fleire svarar at dei var rusa, kjente seg pressa, og/eller ikkje klarte å stoppe det.

18 prosent – nesten to av ti – svarer at dei vart valdtekne, men berre 6 prosent svarer at dei har meldt saka til politiet.

Kripos fryktar at mange ikkje anmelder, og oppmodar unge om å gå til politiet uansett. 

– Om du har hatt uønskt sex bør du ta kontakt med lege, overgrepsmottak eller politiet. Det er betre å seie ifrå ein gong for mykje enn ein gong for lite, seier Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for Kripos sin valdtektsseksjon til NRK.

Tala er likevel på veg opp og i fjor vart rekordmange seksuallovbrot meldt til politiet.

LES OGSÅ: Slik ser seksuell trakassering ut

Nære relasjonar
I dei fleste tilfella skjedde den uønska sexen heime, heime hos venner eller hos kjærasten.

Dei fleste svarar at det skjedde med ein venn/bekjent, ein god del med kjærasten og nokre med ein dei datar.

Ein del svarer også at det skjedde i samband med fest, på byen eller festival med ein person dei møtte i løpet av kvelden. 

 LES OGSÅ: Thordis og valdtektsmannen hennar har skrive bok saman

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE