Unge jenter blir sextrakassert på fest
Nesten annakvar jente i alderen 15–20 år har opplevd uønskt seksuell merksemd i samband med drikking. For gutar er er talet éin av seks.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Halvparten av alle unge jenter seksuelt trakasserte
Nærmare bestemt svarer 45 prosent av jenter og kvinner mellom 15 og 20 år at dei éin eller fleire gonger har opplevd uønskt seksuell merksemd når jamaldra har drukke alkohol, skriv Dagsavisen.
For gutar og menn i same aldersgruppe er talet 16 prosent, ifølgje ei undersøking Opinion har gjennomført for Actis.
For å få redusert trakasseringa, ber samarbeidsorganisasjonen til rusfeltet om at politiet og politikarar bremser tilgangen unge har til alkohol.
– Dette er noko som må bli prioritert, meiner Mina Gerhardsen, generalsekretær i organisasjonen, som blant anna jobbar for å redusere skadane ved bruk av alkohol.
Fleire gutar skadd på fest
– Den norske festkulturen er basert på fyll. I gjennomsnitt begynner norske ungdommar å drikke når dei er 15 år. Om tilgangen blir mindre, vil det også bli mindre fyll, seier ho.
Undersøkinga viser også at kvar femte gut har blitt fysisk skadd og kvar tredje har blitt trua i samband med at det blir nytta alkohol. Her er det gutane som er mest utsett.