Her øver kronprinsen på amputasjon

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tronarvingen deltok under øvinga Treningscamp Torpomoen der 300 redningsarbeidarar i desse dagar øver på Fornebu i Bærum. Kronprins Haakon er Stiftelsen Norsk Luftambulanses høge beskyttar og deltok torsdag då eit helikopterlag skulle øve på akuttsituasjon.

Les også: Under halvparten kan livreddande førstehjelp

Kronprins Haakon på Fornebu og treningscampen til Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kronprins Haakon på Fornebu og treningscampen til Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Scenario: Steinras

Saman med pilot, lege og redningsmann fekk kronprinsen sjølv rolla som lærling i øvinga som gjekk ut på at dei skulle hjelpe to unge menn som var komne ut for eit steinras. Ein av dei ligg i klem under ei stor steinblokk, og helselaget avgjer at akutt amputasjon på staden er einaste løysing for at ikkje pasienten skal blø i hel.

Kronprins Haakon fekk ansvaret for blodtilførselen og for å halde beinet som skulle amputerast roleg.

– Det var veldig interessant å sjå korleis dei jobbar på nært hald. Dei har arbeidsoppgåvene klart for seg, sjølv om dei ikkje jobbar saman som team til dagleg. Ting flyt lett i ein komplisert situasjon, med ein pasient som har store trauma, sa kronprinsen etter øving og debrifing med teamet.

Norsk Luftambulanse opplyser at ein såkalla prehospital amputasjon (amputasjon utanfor sjukehus) skjer omtrent ein gong i året i Noreg.

– Sidan det skjer så sjeldan, er det desto viktigare å trene på det for å lykkast når det først skjer, skriv stiftelsen i bakgrunnen for øvinga.