98 prosent tilrår andre å engasjera seg i ungdomsråd

Norske ungdomsråd føler dei har reell påverknadskraft på politiske prosessar, men er ofte ueinige i saker om skulestruktur og

-nedleggingar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Jo, fleire ungdommar ein får engasjert, jo lysare er framtida for demokratiet, seier Abdisa Waldemariam (18) på telefon til Framtida.no.

Han er leiar i Østre Toten ungdomsråd, og tidlegare leiar i Innlandet ungdomsråd.

Framtida.no har undersøkt i kor stor grad landets ungdomsråd føler at dei har reell påverknadskraft. Det har kome inn 193 svar frå 372 kommunar og fylkeskommunar. Dei fleste som har svara er leiarar for ungdomsråd.

Anbefaler ungdomsråd

Frå og med 2019 vart det lovpålagt med ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for unge i alle landets kommunar og fylkeskommunar. Her kan du lesa meir om korleis ungdomsråda fungerer.

Der landets ungdomsråd er aller mest einige er at 98 prosent svarar at dei vil råda andre til å engasjera seg i ungdomsråd. Ord som lærerikt, sosialt og deltaking i demokratiet går att.

Dette er noko Waldemariam sluttar seg til.

– Når ein får det vervet så har ein nokre gode, men det er òg ein del plikter. Det er ikkje meir skummelt enn at ein deltek på møte og les nokre papir. Poenget mitt er at det er noko ein bør ta seriøst, men ikkje overseriøst.

43 prosent av ungdomsråda svarar fire av totalt fem, når dei skal vurdera i kor stor grad ungdomsråda har reell medverknad på politikken som vert vedteken.

Gjennomslagskraft

Waldemariam synest spørsmålet er stort og kjem fram til at det avheng av korleis ein ser på det og kva saker det gjeld. Han kan nemna mange gjennomslag: vidareføring av UngINN-ordninga med rabattar på kulturopplevingar, vidareføring av Trygt hjem-ordninga med billig taxi for unge, oppretting av ULF- Ungdommens livskvalitetsfond der ungdomsråd og elevråd kan søkja støtte til trivselstiltak og eit ekstra bortebuarstipend for vidaregåandeelevar.

Sistnemnde er eit av tiltaka ungdomsrådet har jobba fram i samband med dei omdiskuterte skulenedleggingane i Innlandet fylkeskommune.

Vanskelege skulesaker

Saker om skulestruktur og skulenedleggingar er ei av sakene som går att når ungdomsråda svarar på kva saker dei er ueinige med politikarane i.

Ungdomsråda opplever i stor grad at dei vert inkluderte i saker som angår unge i fylkeskommunen eller kommunen.

63 prosent svarar òg at dei vert involverte i saker som ikkje direkte handlar om ungdom.

Ungdommane vert i størst grad involvert i saker om kultur- og fritidstilbod, årsbudsjett og økonomi og kommuneplanar. Først på fjerdeplass kjem punktet om utdanning:

Waldemariam var leiar av ungdomsrådet i Innlandet fylke inntil nyleg, då han vart erstatta av Bertine Tønder-Nilsskog (16). Han fortel at ny skulestruktur var utfordrande fordi medlemmane var splitta mellom ulike skular, og dei difor valde å sjå på korleis skulenedleggingane ville påverka unge.

Stor mediemerksemd

– Sidan eg vanka i dei kretsar var eg bevisst på at saka kom. Me drøfta i rådet kva som var lurast å gjera og hadde ulike tankar, men ingen kunne førestilla seg kor stor den saka kom til å bli, minnest 18-åringen.

Ungdomsrådsleiaren frå Østre Toten vart leiar for fylkesungdomsrådet kort tid før saka fekk stor merksemd. Han fortel at ungdommane brukte mykje tid på å lesa sakspapir og diskutera saka i juni 2024 og på eit ekstra møte i august.

Ungdomsråda svarar stort sett i øvre enden av skalaen på i kva grad dei meiner sakene vert lagt fram på ein forståeleg måte.

Waldemariam er usikker på korleis ungdomsrådet kunne løyst saka om skulestruktur på ein annan måte, men meiner at det å bli involvert i saker tidleg er viktig for at ungdomsrådet har reell påverknad.

Høvet til å påverka

Dei fleste ungdomsråda svarar midt på, når dei får spørsmål om dei vert inkludert tidleg nok i prosessane:

Ungdomsrådsleiaren har erfart at det er vanskelegare å påverka politikken, når ein kjem inn i prosessen for seint. Her nemner han det omdiskuterte russegenserforbodet i Innlandet, som vart vedteke i haust og påverkar Waldemariam si eiga russetid denne våren.

Han fortel om tilfelle der administrasjonen ikkje har teke med ungdomsrådet i saksgangen i saker som angår dei, som russegenserforbodet.

– Saka var ferdig arbeidd med då ho kom til oss. Me fekk saka ferdig servert med spørsmål om korleis stiller de dykk til det, forklarar han.

Ungdomsrådsleiaren trur ikkje det er av vond vilje, men fortel at det er viktig at ungdomsrådet får den ekstra merksemda.

Han har erfart at ein dyktig koordinator er viktig for å hjelpa ungdomsrådet å velja saker og avlasta leiaren.

Forskar på ungdomsråd

– Heile grunngjevinga for ungdomsråd er at det potensielt sett skal ha ein verknad og at det skal kunne føra til betre avgjerder, seier forskar ved Oslomet Sveinung Legard.

Han er prosjektleiar for det pågåande forskingsprosjektet «Verknad av ungdomsmedverknad», finansiert av Bufdir.

Prosjektet er ikkje fullført, men forskarane har gjort ei djupnestudie på korleis innspel av ungdomsråd vert behandla i ein fylkeskommune og tre kommunar av ulik storleik.

– Eit kjent problem er at ungdomsråda i veldig liten grad veit kva som skjer med innspela dei kjem med. Dei veit ikkje sjølv om det dei har sagt er lytta til eller blitt gjort noko med, forklarar Legard.

Sveinung Legard ved Oslomet er prosjektleiar på «Verknad av ungdomsmedverknad». | Foto: Oslomet

– Eit kjent problem er at ungdomsråda i veldig liten grad veit kva som skjer med innspela dei kjem med. Dei veit ikkje sjølv om det dei har sagt er lytta til eller blitt gjort noko med, forklarar Legard.

I forskingsprosjektet jobbar dei difor med å bruka maskinlæring til å spora kva som har skjedd med innspela frå ungdomsråda.

– Store politiske investeringar

Han fortel at det er stor forskjell mellom ulike kommunar og fylkeskommunar i korleis ungdomsråda vert inkludert i politiske prosessar. Her er det viktig med ein dyktig ungdomskoordinator som kjenner dei politiske saksbehandlingsprosedyrane godt og har dei rette kontaktane for å vidareformidla innspel frå ungdomsrådet.

– Ungdomsråda har påverknad i ein del saker, og mange opplever det som positivt og meiningsfylt å vera der, men dei uttalar seg om mange saker og me har gode døme på saker der dei ikkje får gjennomslag eller blir høyrt, kommenterer Legard.

Han fortel at det gjerne er lettare å gje ungdom påverknad i mindre saker som handlar om dei, enn i større saker. Her nemner han skulestruktursaker som eit døme.

– Det er så store politiske investeringar her som gjer at det ofte kan vera sterke interesser inne i biletet når det gjeld reguleringsplanar og ting som skal byggjast ut, at ungdomsrådas innspel ikkje vurderast i særleg stor grad, seier forskaren.

Han fortel at sjølv om saker om skulenedleggingar gjerne er saker der ein tenkjer ungdom sine meiningar skulle vektleggjast, vert dei ofte presentert for sakene etter at politikarane har bestemt seg for å leggja ned skulane, og får høve til å medverka på andre tiltak knytt til saka.

– Mykje bestemt på førehand

Forskarane ser at det er viktig at innspela frå ungdomsråda er knytt til saksbehandlingsprosessen til politikarane, slik at deira innspel vert synleg for politikarane.

– Har de sett noko om kor tidleg ungdomsråda vert inkludert i prosessen?

– I nokre tilfelle kan det vera veldig tidleg, og det er jo som regel då det er størst sjanse for å få gjennomslag, svarar Legard, men legg til:

– Ofte så er det jo ganske seint, i veldig mange saker. Fire-fem dagar før kommunestyremøte, så kjem dei med eit innspel. Det er jo i seinaste laget. Det er ganske vanleg at innspel kjem ganske seint i prosessen, og då er mykje bestemt på førehand.

Enkelte kommunar har ei ordning der til dømes varaordførar sit fast i ungdomsrådet, og kan ta med seg deira innspel tilbake til kommunestyret. Ifølgje Legard er politikarane opptekne av å seia at dei er oppteken av ungdomsmedverknad, men er meir usikker på om dei er det i praksis.

– I intervju seier politikarane at dei er opptekne av kva dei unge meiner, og me får sitat der dei nesten kappast om kven som refererer mest til ungdomsråda. Det verkar litt mystisk, for når me ser på kommunestyremøte som strøymast er det sjeldan at det refererast til.

– Høyrde og lytta til

– Me har stort sett hatt god kontakt med politikarane, men det har òg vore saker der politikarane har unngått oss fordi me er ueinig, seier Waldemariam.

Han erfarar òg at det er viktig å bli involvert tidleg i prosessane fordi ein vil ha ei større evne til å påverka sjølve saka, enn når ein får saka ferdig servert.

– I sluttfasen er det ofte ikkje så mykje som kan bli endra på, forklarar han.

Waldemariam er ikkje i tvil om kor viktig ungdomsråd og medverknad er.

– Det er veldig viktig at me føler me blir høyrde og lytta til. Om ein skaper eit samfunn der unge ikkje føler dei betyr noko og lytta til skapar det ei usikker framtid for demokratiet. Det skapar apatiske likeglade borgarar, meiner 18-åringen.