Pia (5) samla inn pengar til hjartekompresjonsmaskin

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

På marknadsbordet til ein seljar låg det heimelaga perlekunst og armband. Seljaren var ingen andre enn femårige Pia Normann Fjelberg.

– Inntekta i dag skal gå til Magny på ambulansen, så dei kan kjøpa hjartekompresjonsmaskin, fortalde den ivrige femåringen, som snart fyller seks år.

I tidleg alder fekk Pia ei traumatisk oppleving: far hennar, Sindre Fjelberg, fekk hjartestans. I ettertid har ho vore redd kvar gong eit utrykkingskøyretøy har vore i nærleiken.

– Det sette nok ein god støkk i veslejenta vår, sjølv om ho var lita då det heile hende, informerer mora Merethe Normann.

Heldigvis gjekk det bra for fem år sidan, og sakte men sikkert har Pia blitt meir fortruleg med utrykkingskøyretøy etter eit møte med Magny P. Bratsberg på ambulansen.

Pia Normann Fjelberg selte heimelaga perlepynt og armband frå salsboden ho sjølv hadde rigga opp under juleopninga i Sæbøvik. Det var rift om produkta, og ho fekk inn ein god slant med pengar som gjekk til ny hjartekompresjonsmaskin ved Kvinnherad ambulanse. (Foto: Privat).

– Pia synest det er veldig tryggande at det er Magny som er ute og køyrer om vi høyrer ambulansen, smiler Merethe.

Den veslevaksne jenta ordna til alt i forkant av marknaden sjølv, og blei vel teken imot av alle som stoppa ved utsalsboden. Det var rift om produkta hennar, og i løpet av kort tid var alt selt. Gåvmilde kundar ville ikkje ha tilbake vekslepengar, noko som bidrog til at Pia til slutt sat att med ein samla sum på heile 1.443 kroner.

– Det har vore så kjekt, understrekar femåringen med eit brennande engasjement for hjartekompresjonsstartar-innsamlinga.

Meldinga om innsamlingsaksjonen nådde fram til Magny på ambulansen torsdag kveld.

– Veit du kva, eg blei heilt sett ut og veldig rørt då eg fekk beskjeden, fortel Magny, som fekk bilde og snakka med mor til Pia over telefonen.

– Det er klart eg tenker mykje på familien med den forhistoria, noko som gjorde at eg blei vippa av pinnen av det fantastiske engasjementet, held ho fram smilande.

Pia fekk oppleva forskjellige aktivitetar på ambulansen, blant anna målte ho pulsen sin, prøvde på ambulanseutstyr og fekk sitta på i ambulansekøyretøyet. (Foto: Privat).

Overrekkinga

Femåringen overrekte pengane frå innsamlinga sjølv til Magny på ambulansen i solskinet søndag ettermiddag.

– Det var heilt fantastisk med overleveringa, det var veldig koseleg og rørande, fortel Merethe.

– Det blei klump i halsen på meg, og eg reknar med at Magny kjende det godt òg, smiler ho.

Bidraget til Pia førte til at den samla summen til ny hjartekompresjonsstartar bikka 100.000 kroner.

– Pia var kjempefornøgd og synest det var veldig stort at hennar innsamling var med på å auka summen til over 100.000 kroner, held mora fram.

Etter overrekkinga fekk Pia oppleva livet på ambulansestasjonen, der ho fekk måla pulsen sin, prøva på ambulanseutstyr og sitta i framsetet på køyretøyet medan det køyrte ut frå garasjen. Dette er noko femåringen har snakka mykje om heime i ettertid.

– Magny utstråler tryggleik og varme, noko som gjorde at dagen og opplevinga til Pia vart magisk, avsluttar den stolte mora.

Hos ambulansen synest dei det storflotte besøket på søndag var veldig kjekt.

– Det er klart vi måtte gjera litt stas på Pia då ho var der. Ho er eit godt forbilde for andre, og eg er heilt imponert over at ho har teke initiativ og samla inn desse pengane sjølv, fortel Magny.

Innsamlingsaksjon har halde på i 14 dagar, og givargleda til folk imponerer.

– Vi har fått inn over halvparten av pengane vi treng til maskina i løpet av to veker, og kryssar fingrane for at vi får samla inn dei resterande 76.000 kronene også, avsluttar ho smilande.

Les også om artist Hilde Selvikvåg, som sel «song-scrunchies» til inntekt for demensråka

Artist Hilde Selvikvåg er på turnè med andreplata «Fanga heile verden» og har med seg heimelaga merch til fansen. Foto: Trine Selvikvåg