Levande i dødsleiren Auschwitz

Framtida
Publisert
Oppdatert 08.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ester (15): Difor må så mange som mogleg besøke ein konsentrasjonsleir

«Eg ser det!» ropar ein elev spent.

Den store svarte bussen parkerer like utanfor Auschwitz 2, eller Birkenau som det òg blir kalla. Alle elevane går ut av bussen, fulle av både gru og spenning.  Ut i den varme vinden. Sola skin i dag, det er vakkert haustvêr. Men det vi snart skal få sjå og høyre står i stor kontrast til den flotte dagen.

Ester Boge.

Ester Boge (15). Foto: Sunniva Huse

Klassa går i flokk bortover den tørre og nedtrakka grusvegen, før vi med eitt står på nokre gamle, rustne jarnbaneskjener. Jarnbaneskjener som førte mange tusen uskuldige menneske rett i døden.

Arbeidsleiren og Dødsleiren

Konsentrasjonsleiren her er fordelt på to område. Ein arbeidsleir og ein dødsleir. Den minste, som og vart bygd først, kallar vi Auschwitz 1. Det var her nokon av fangane jobba i rundt 3 månadar før dei vart for svake og vart drepne. Men det var ikkje alle som jobba. Det var faktisk berre 25 prosent av alle som kom som arbeidde. Dei siste 75 prosent var folk som vart sendt rett til gasskammera, dersom dei ikkje allereie var daude etter den to veker lange turen med tog. Nokre vart også sjuke og svake etter kort tid, og dei døde av svolt og utmatting.

I Auschwitz 1 vart òg den dødelege gassen Zyklon B testa ut for fyrste gong i gasskammer som kunne ta 800 liv samtidig. Ettersom dette ikkje var effektivt nok for nazistane, bygde dei Auschwitz 2 som vert kalla Birkenau. Her lagde dei fleire gasskammer som var så store at i løpet av èin dag der alle var i full drift, kunne dei ta 20 000 liv. Birkenau var altså berre lagd for å drepe så mange som mogleg på den mest effektive måten.

Den vesle vogna?

«Det var slike vogner jødane vart frakta inn hit med» fortel guiden vår, og peikar på ei lita, gamal togvogn. Ho fortel at dei frakta rundt hundre personar samtidig i ei slik vogn. «100 stk i den vesle vogna?» utbryt Live forskrekka. «Det er jo heile skulen vår det», fortsett ho. Eg tenkjer det same der eg står og stirrar på vogna. Korleis i all verda har dei stappa så mange inn i ei slik vogn? Tankane mine surrar rundt i hovudet mitt.

Saka held fram under biletet

Hundre jødar måtte sitte i slike vogner samtidig. Foto: Ester Boge

Guiden fortel at folk kunne sitte inne i desse vognene i to veker, utan drikke og vatn, og med berre ei lita bøtte til å gå på do i. Det var dermed berre dei sterkaste som overlevde denne forferdelege turen. Likevel vart mange av dei sendt rett til gasskammeret utan å i det heile tatt bli registrert.

Guiden held fram å fortelje om korleis dei vart tatt imot av vaktene, men eg må ta meg ein tenkepause. Eg ser på jernbanelinja, imens eg prøver å sjå for meg korleis det må ha vore å kome dit i håp om eit nytt liv, gå ut av vogna, bli ført i retning gasskammeret, utan aning om at du snart er død.

Antisemittisme

Vi held fram bortover den gamle grusvegen når det går opp for meg kor forferdeleg det må ha vore å kome hit. Eg tenker tilbake på bileta vi såg i Auschwitz. Bileta som tyske soldatar tok av store folkemengder som spente og letta over at dei var framme, gjekk bortover den nye grusvegen mot gasskammera. No går eg den same ruta, eg går mot gasskammera, men eg veit eg ikkje har noko å frykte, eg veit at eg er trygg. Kanskje jødane tenkte det same når dei gjekk her?

Saka held fram under biletet

Du møter mange gamle og rustne piggtrådgjerde i Auschwitz. Foto: Ester Boge

Vi går stilt forbi endelause, rustne piggtrådgjerer. Live har aldri før sett ein så innesperra og uhyggeleg plass. «Nazistane såg jo på jødiske folk som dyr. Menneske utan betyding og verdi som du kunne gjere kva du ville med. Menneskesynet må ha vore forskrudd sidan ein hata, torturerte og slakta så mange, berre fordi dei var jødar!» seier ho opprørt. Det er dette som er antisemittisme. Eg forstår ho godt, eg kjenner på det same.

Minnesteinen

No har vi kome til ein stor, open plass med brustein. Guiden fortel at steinane er til minne om alle jødane som døydde under Holocaust. Jødar legg nemleg steinar på gravene i staden for blomster. Vi stiller oss rundt ein av steinane som har skrift på seg.

«Kva er så spesielt med akkurat denne steinen?» spør Live undrande.

«Shhhhhh» kviskrar dei vaksne.

«Denne steinen er den norske minnesteinen», forklarer ein lærar.

Det som står på steinen er på norsk. Alle dei andre steinane som òg har skrift på seg har skrift på andre språk. Ein stein for kvart land som har offer i konsentrasjonsleiren. Båten DS Donau reiste den 26. november 1942 frå Noreg med 529 norske jødar ombord. Det var den største deportasjonen frå Noreg. Det var i alt var 773 norske jødar som vart deportert ut av Noreg til tyske leirar, dei fleste til Auschwitz.

Eg kjenner tårene begynner å presse på, alt blir plutseleg mykje meir personlig når eg får høyre kor mange norske uskuldige familiar som vart tatt av dage her. Medan læraren prata har alle fått kvar si raude rose.

Saka held fram under biletet

Den norske minnesteinen i Auschwitz. Foto: Ester Boge

Då vi står i ein ring rundt den norske minnesteinen, begynner vi å synge «Til ungdommen», som er eit dikt skrive av Nordahl Grieg.

Det er ikkje lett å syngje no.

Ein etter ein går fram til steinen og legg ned rosa si medan vi syng, før vi til slutt tek eit minutts stillheit. Ei tåre renn nedover kinnet mitt, slik som det nok og gjorde med ei 15 år gamal jente her for ca. 70 år sidan.

Kva er eit menneske verdt?

Eg kjenner vinden blåse gjennom håret mitt. Jødane som var her fekk ikkje behalde sitt. Alt dei eigde vart fråteke dei; klede, verdisaker, tenner, til og med namnet sitt. Det blei byta ut med eit nummer. Dei vart skrella for alt dei hadde, også verdien som menneske. Kanskje dei tenkte:

«Hva skal jeg kjempe med, hva er mitt våpen?»

Svaret kjem i neste strofe:

«Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
Troen på livet vårt,
menneskets verd.»

Det einaste jødane hadde, var trua på livet. Menneskeverdet. Alle har rett til å leve. Alle er like mykje verdt uansett nasjonalitet, utsjånad eller religion. Dette er grunnen til at så mange som mogleg må besøke konsentrasjonsleiren. Det hjelper oss til å sjå kva som faktisk skjedde under krigen, og kan hjelpe oss som lever i dag til å hindre at det ikkje skjer igjen.

Siste rosa er lagt ned, songen har stilna. Vi går langs dei endelause jernbaneskjenene, tilbake mot bussen. Levande i dødsleiren. Vi kjem ut i live, merka for livet.