Jussprofessor meiner skuleelevar må få ha på kaps inne

Seljord kommune vil forby elevane å ha på kaps og lue i klasserommet. Jussprofessor meiner kommunen går for langt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det har vore forbode med kaps og lue innandørs i skulereglementet i Seljord frå tidlegare av.

Ungdomsskuleelevar i kommunen har protestert mot forbodet, og meiner det er ein del av deira antrekk.

Når elevane no i vinter ønskt å endre det, sa kommunen nei. Det skriv NRK.

Formannskapet vedtok einstemmig at dei framleis skal vere forbod med hovudplagg, med unntak for religiøse plagg.

Ytringsfridom

Men jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen meiner hovudplagga må dekkast av ytringsfridommen.

– Vi har føresegnene i Grunnlova om vern av privatlivets fred og føresegna i Grunnlova om ytringsfridom. Eg tenker du får ikkje så veldig mykje betre paragraf enn det, seier Marthinussen til NRK.

Politikarane viser til at reglane har vore der i mange år, og at elevane ikkje argumenterer med ytringsfridom, men at kaps er ein del av antrekket sitt.