Dette blir dei viktigaste endringane i læreplanane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 02.07.2018 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagens læreplanar har for mange tema, viser både evalueringar og tilbakemeldingar frå Elevorganisasjonen, lærarar og rektorar. Dette kan føra til for mykje overflatisk læring i skulen.

Her kan du sjå kva som blir det viktigaste i kvart fag, og kva som blir endra:

Norsk

Tekst i kontekst
Kritisk tilnærming til tekst
Munnleg kommunikasjon
Skriftleg tekstskaping
Språket som system og mulegheit
Språkleg mangfald

Endring: Elevane skal i større grad eksperimentera og bruka nysgjerrigheita si i faget, særleg i dei lågare trinna. På vidaregåande skulenivå skal elevane øva på akademisk skriving. Elevane skal gjera djupdykk i språk- eller litteraturhistorie for å setja tema dei arbeider med inn i ein språkleg og historisk samanheng.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs beste norskeksamen – men mista skrivegleda på vidaregåande

Engelsk

Kommunikasjon
Språklæring
Møte med engelskspråklege tekstar

Endring: Det blir viktigare å vektleggja engelsk som arbeidsspråk og kommunikasjon mellom menneske som ikkje har engelsk som morsmål.

Matematikk

Utforsking og problemløysing
Modellering og bruk
Resonnering og argumentasjon
Representasjon og kommunikasjon
Abstraksjon og generalisering
Matematiske kunnskapsområde

Endring: Elevane skal jobba meir med metodar og tenkjemåtar slik at dei får større forståing for faget. Tal og talforståing er grunnmuren i det elevane skal meistra i løpet av grunnskulen. Personleg økonomi, måling og statistikk er viktige område der tal blir nytta i realistiske samanhengar. Programmering og algoritmisk tankegang blir òg ein del av faget.

KRLE (Kristendom, Religion, Livssyn og Etikk)

Kjennskap til religionar og livssyn
Utforsking av religionar og livssyn med ulike metodar
Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar
Kunne ta andre sitt perspektiv
Etisk refleksjon

Endring: Både KRLE i grunnskulen og religion og etikk i vidaregåande skal bli meir utforskande og elevane skal få meir øving i å reflektera over etikk og læra å ta andre sitt perspektiv. Faga vil ikkje lenger strukturerast etter «verdsreligionane». Føringa om at om lag halvparten av undervisningstida i KRLE skal brukast på kristendomskunnskap ligg fast. Faget skal framleis heita Kristendom, Religion, Livssyn og Etikk, forkorta KRLE.

Naturfag

Naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar
Teknologi
Energi og materie
Jorda og livet på jorda
Kropp og helse

Endring: Faget skal bli meir praktisk med mindre fokus på detaljar og enkeltemne og meir vekt på opplæring ute i naturen. Faget bryt med dei tradisjonelle realfaga og fokuserer på heilskap og samanheng, og vil ha eit allmenndannende fokus. Innan kjerneelementet teknologi skal òg programmering inngå som ein naturleg del av faget.

Samfunnsfag

Undring og utforsking
Samfunnskritisk tenking og samanhengar
Demokrati og medborgarskap
Berekraftig utvikling
Identitetsutvikling og fellesskap

Endring: Elevane skal få større forståing for faget gjennom auka vekt på metode. Det vil bli tydelegare samanheng mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.

Sentralt innhald tek utgangspunkt i tverrfaglege tema, særleg demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Samfunnsfag får eit spesielt ansvar for digitale dugleikar.

Samfunnskunnskap

Undring og utforsking
Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
Medborgarskap og berekraftig utvikling
Identitet og livsmeistring

Endring: Samfunnsfag i vidaregåande endrar namn til samfunnskunnskap for å gjera tydeleg skilnaden mellom grunnskulefaget og vidaregåande opplæring. Samfunnskunnskap vert meir utforskande og elevane skal få større forståing for faget gjennom auka vekt på metode. Personleg økonomi ligg under kjerneelementet identitet og livsmeistring.

Geografi

Utforsking og geografiske metodar
Naturgitt og menneskeskapt rom
Berekraftig utvikling og globalisering

Endring: Elevane skal kunna forstå samanhengar mellom natur og samfunn som rammar for livsgrunnlag og levekår. Faget blir òg meir framtidsretta ved å fokusera på berekraftige handlingsalternativ og elevane som aktivt skapande.

Historie

Historiemedvit
Utforskande historie og kjeldekritisk medvit
Historisk empati, samanhengar og perspektiv
Menneske og samfunn i fortid, notid og framtid

Endring: Faget skal verta meir relevant for elevane ved å stilla store spørsmål og vektleggja historiemedvit. Det skal verta tydelegare samanheng mellom samfunnsfaga i skulen. Elevane skal òg få større forståing for faget gjennom auka vekt på metode.

Kroppsøving

Rørsle og kroppsleg læring
Deltaking og samspel i rørsleaktivitetar
Uteaktivitetar og naturferdsel

Endring: Faget skal leggja meir vekt på ulike rørsleaktivitetar, leik og øving og mindre idrettsretta. Faget skal motivera elevane til ein aktiv livsstil og bidra til god helse. Elevane skal oppleva eit meir variert fag, der dei utforskar eigen identitet og sjølvbilete, reflekterer og tenkjer kritisk om samanhengane mellom rørsle, kropp, trening og helse.

Musikk

Utøvd musikk
Laga musikk
Oppleva musikk
Kulturforståing

Endring: Faget blir meir praktisk og mindre teoritungt enn før. Elevane skal i større grad kunna spela, laga og oppleva musikk. Det vert lagt meir vekt på digitale arbeidsmåtar i faget, eksempelvis programmering. Song er framleis ein viktig del av faget.

Kunst og handverk

Handverksdugleikar
Kunst- og designprosessar
Visuell kommunikasjon
Kulturforståing

Endring: Faget blir meir praktisk og mindre teoritungt. Elevane skal få meir tid til å læra seg eit handverk. Programmering skal knytast mot visuell modellering på ungdomstrinnet.

Mat og helse

Helsefremjande kosthald
Berekraftige matvanar og forbruk
Mat og måltid som identitets- og kulturberar

Endring: Faget blir meir praktisk og elevane skal få meir tid til å laga mat og laga måltid. Det blir meir fokus på systematikk i matlaging og innlæring av metodar. Mat og helse skal vera eit fag der elevane blir medvitne forbrukarar som kan ta helsefremjande og berekraftige val og opplever gleda over å laga mat. Mat og helse skal verta meir praktisk orientert, elevane skal oppleva matglede og faget skal leggja til rette for møte mellom matkulturar frå Noreg og andre land for å fremja mangfald og opne for forståing og bevisstgjering.

Framandspråk

Kommunikasjon
Interkulturell kompetanse
Språklæring og fleirspråklegheit
Språk og teknologi

Endring: Elevane skal utvikla kunnskapar og dugleikar for å kommunisera føremålstenleg både munnleg og skriftleg. Elevane skal ta i bruk språket frå første time både utan og med bruk av ulike medium og verktøy.

Utdanningsval

Karrierekompetansar

Endring: Faget har fått eit meir spissa føremål. Det viktigaste som blir målbore av kjerneelementet er at elevane skal utvikla kompetanse som gjer dei i stand til å ta opplyste og gode val for eiga framtid i vidare utdanning og arbeidsliv.