Grøn Ungdom sin nye talsperson skal halde moderpartiet i øyra

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grøn Ungdom sitt landsmøte i helga vart det klart at Hulda Holtvedt held fram som kvinneleg talsperson for partiet, og at det var duka for ein ny mannleg representant. Valet fall på 24 år gamle Teodor Bruu.

Bruu kjem frå rolla som internasjonal kontakt i sentralstyret til partiet, og tek over som talsperson etter Ola Eian som har hatt vervet sidan 2016.

Framtida.no har stilt den nyvalde talspersonen nokre spørsmål om kvifor han engasjerer seg, og kva som vert dei viktigaste politiske sakene framover.

Les også: Natur og Ungdom: Ei ny regjeringserklæring må setje miljø i førarsetet

Grøn tenking må gjennomsyre all politikk

– Kvifor er det bruk for Grønn Ungdom i Noreg? 

– Det viktigaste vi gjer som samfunn er å sørgje for at flest mogeleg har det så godt som overhovudet mogeleg. Menneske og andre dyr skal ha det bra, både dei som lever i dag og dei som kjem seinare. Dette fundamentale målet gløymer dei andre partia medan dei låser seg til gamle ideologiske dogme og prøver å løyse dagens utfordringar med gårsdagens løysingar. Det er mykje å hente frå både raud og blå tenking, men skal vi kome ut av dette hundreåret i god stand, må grøn tenking gjennomsyre all politikk, skriv han til Framtida.no.

– Grøn Ungdom vil vere både den ansvarlege og radikale korreksen til moderpartiet Dei Grøne. Vi skal passe på at dei ikkje vert som alle dei andre kjedelege partia.

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar i helga?

– Vi hadde ein lang debatt om Noregs forhold til Europa, og der vedtok vi eit solid forsvar for EØS-avtala. Verda treng meir, ikkje mindre samarbeid. Vi er avhengige av organ som EU for å løyse dei mange overnasjonale utfordringane vi står ovanfor. Då må vi halde fram med å ta del i det samarbeidet gjennom EØS-avtala og ikkje trekke oss ut av den, som skremmande mange tek til orde for.

Dyrevelferd høgare på dagsorden

– Kva vil Grøn Ungdom merka av forskjell med deg som talsperson?

– Ola, som var mannleg talsperson fram til denne helga, var utruleg dyktig og vil alltid vere eit førebilete for meg. Så det er ingen behov for store endringar. Men eg vil vere ein uredd og tydeleg politikar, og vil nok sette spesielt dyrevelferd høgare på dagsorden.

– Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 

– Eg blir lei meg og sint når folk og dyr lid. Og så blei eg oppløfta då det fanst ein organisasjon som faktisk hadde gode idéar for korleis ein kunne hindre denne lidinga. Det engasjerte meg.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– Det er i ungdomspolitikken ungdom har mest politisk gjennomslagskraft. Ungdomspartia må få gode vilkår for drift.

Les også: Ein vrangførestilt ungdomspolitikk

Noreg er eit av verdas gråaste land

– Kva er dei viktigaste sakene for Grøn Ungdom i dag?

– At Noreg skal slutte å vere eit av verdas gråaste land. Vi må slutte med oljeproduksjon og vi må vri folk sitt forbruk over til ting som er godt for planeten i staden for dårleg.

Klima og dyrevern er hovudsakene våre, og sidan det er lokalval neste år, er vi no spesielt opptatt av at alle byane og kommunane i Noreg skal få bra kollektivtilbod og andre menneskevennlege og grøne løysingar.

– Kva er dine personlege hjartesaker?

– Klima er ein openberr hjartesak for alle som er opptatt av rettferd og velferd i verda. Ved sidan av dette er dyrevelferd, økonomisk ulikskap og internasjonalt samarbeid spesielt viktige saker for meg, skriv Bruu.

Les også: Noreg tapar viss verda lukkast

Teodor Bruu

  • Alder: 24
  • Yrke: Heiltidspolitikar frå og med denne helga, men filosofistudent før det.
  • Favorittfag på skulen: Samfunnsfag.
  • Ulike verv: Talsperson
  • Medlem i: Grønn Ungdom
  • Kva gjer du i fritida/hobby: Trenar, klatrar og les bøker.