Landsmøtet i Grøn Ungdom: Ønsker ein oljekommisjon
Med inspirasjon frå Tyskland si utfasing av kol, vil Grøn Ungdom ha ein oljekommisjon som skal konkretisere korleis oljenæringa kan bli fasa ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er litt kontroversielt, fordi vi inviterer Norsk olje og gass, og fagforbund som Industri og energi. Dei er jo ikkje einige i å fase ut oljenæringa. Men eg trur det kjem igjennom, seier Ola Eian, avtroppande talsperson i Grøn Ungdom.
Fram til no har partiet vore mest opptatte av å informere om at dei står for utfasing av oljenæringa, og å argumentere for kvifor det er naudsynt. No vil dei vise at dei meiner alvor, med å invitere både arbeidarar, aktørar i oljeindustrien, miljøbevegelsa og staten til å samarbeide, i ein oljekommisjon.
Dette blir ein av dei viktigaste sakene når partiet har landsmøte i helga.
Vil samarbeide med arbeidsfolk og oljenæringa
For å vise at dei ønsker meir enn symbolpolitikk, vil partiet samarbeide med dei som er ueinige i standpunktet deira.
– Vi må finne felles einigheit. Vi har ikkje all kunnskap om kva alle arbeidarane treng, eller korleis ein fysisk stenger ned oljeplattformar. Når staten skal lage nye arbeidsplassar, kva kjem ein til å trenge først? Omskolering? Offshore vindkraft? Alle i ein sånn kommisjon sit på spesiell kunnskap som trengst om vi skal fase ut oljenæringa, seier Eian.
Avvikle utan å skape massearbeidsløyse
I sakslista for landsmøtet, skriv dei at målet med ein oljekommisjon er å avvikle ei så stor næring utan å skape massearbeidsløyse eller risikere katastrofale klimaendringar. Oppgåvene til oljekommisjonen skal vere å forhandle fram detaljane i følgande:
- Den gradvise og planmessige utfasinga av petroleumsverksemda.
- Tiltak for å lette overgangen av arbeidskraft til andre grøne næringar.
- Anbefalingar til nye, statlege næringslivsinvesteringar.
- Behov for vidareutdanning.
Les også: AuF vil ha styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035
Lære av Tyskland
Grøn Ungdom ønsker å lære av Tyskland, eit land med stor kolproduksjon.
I juni i år vart det formelt etablert ein kommisjon som skal jobbe med avvikling av kolkrafta i Tyskland, som står for 40 prosent av landet sin kraftproduksjon. Kommisjonen består både av staten, miljøorganisasjonar, næringsliv og fagforeiningar.
Det har lenge vore ein stor debatt om når Tyskland skal fase ut kolkraft, og korleis dei skal erstatte arbeidsplassane i industrien. Målet som vart sett for kommisjonen i sommar, er at kapasiteten på kolkraft skal vere halvert innan 2030.
Eian trur ikkje næringa her i Noreg kjem til å vere med på ein ønska oljekommisjon før det blir lagt politisk press og det blir tatt ei avgjerd om at oljeindustrien skal fasast ut.
– Om vi var i regjering, så ville vi nedsett ein kommisjon som jobba for dette, seier Eian.
Les også: Solnedgang for oljenæringa?
For eller imot EU
På landsmøtet i helga vil Grøn Ungdom òg ta stilling til norsk EU-medlemsskap. Fram til no har partiet sitt standpunkt vore at det er folket som bestemmer. No skal dei ta eit klart standpunkt for eller i mot.
Eian går i helga av som talsperson for Grøn Ungdom. Hulda Holdvedt blir sittande.
Les også: EU-framlegg vil forby eingongsplast: – Kjempebra at nokon kjem oss i forkjøpet