Ein vrangførestilt ungdomspolitikk
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Ungdomspolitikk. Tygg litt på det ordet. Sjansen er diverre stor for at du tenkjer på demonstrasjonar utanfor rådhuset, klistremerker på busshaldeplassen eller høgrøysta appellar. Det er ikkje til å stikke under ein stol at mange ungdommar i dag vegrar seg mot å engasjere seg politisk, rett og slett for dei ikkje ynskjer å verte assosiert med ting som dette.
I kommunen der eg bur har det diverre oppstått ei vrangførestilling som fører til at ungdom ikkje ynskjer å vise at dei er interesserte i politikk, og let difor vere å engasjere seg i samfunnet. Dette grunna biletet folk har fått om korleis politisk engasjert ungdom framstår.
I fleire år har ungdomsparti på venstresida regjert det politiske miljøet i kommunen, og dette har ført til at mange trur at det å engasjere seg politisk i store delar inneber å demonstrere utanfor rådhuset og klistre opp plakatar på busshaldeplassen. Det er ei heilt feil framstilling av ungdomspolitikken.
Dette trur eg diverre ikkje berre er tilfelle på Stord, men at problemet går igjen i mange andre kommunar i Noreg. Om eg har rett i dette har norsk ungdomspolitikk eit problem, noko som er både trist og bekymringsverdig. Ungdomspolitikk er så mykje meir enn det som ungdom i dag assosierer det med.
Ungdomspolitikk er så mykje meir enn det som ungdom i dag assosierer det med.
Ein skal ikkje la vere å engasjere seg i samfunnet på grunnlag av frykt for kva andre vil tenkje om ein. Det er nettopp difor eg løftar denne debatten – for å gjere samfunnsengasjert ungdom i stand til å kome ut av skalet og verte aktive i den offentlige debatten.
Førre veke var eg ute i nettavisa Stord24 og skreiv om akkurat dette temaet lokalt i Stord kommune. Etter innlegget kom ut, har fleire ungdommar kome til meg og fortalt at det eg skreiv verkeleg er noko dei ser seg sjølve igjen i, og som dei kan stille seg bak hundre prosent.
Eg har fått høyre at dei eigentleg synest politikk er svært spennande, men grunna uro for kva andre tenkjer så ynskjer dei ikkje å delta i offentlege debattar eller ytre meininga si om aktuelle sakar. Dette i frykt for å verte sett på som ein opprørar eller nokon som har alt for sterke meiningar.
Etter over eit år i ungdomspolitikken har eg erfart mykje forskjellig. Noko eg kan fortelje er at ungdomspolitikken er så mykje meir enn det som er synleg på lyktestolpane på busshaldeplassen eller på parolane utanfor rådhuset.
Ungdomspolitikk er også for dei som ikkje ynskjer å demonstrere for å få ei sak gjennom, men som heller vil diskutere moglegheiter med politikarar, næringsliv og privatpersonar og jobbe sakleg for å kjempe for hjartesaka si.
Ungdomspolitikk er for alle dei som brenn inne med eit ønske om å betre samfunnet rundt seg, uansett politiske verkjemiddel.
Ungdomspolitikk er for alle dei som brenn inne med eit ønske om å betre samfunnet rundt seg
Derfor meiner eg at me må gjere fleire merksame på at du ikkje nødvendigvis har ekstreme meiningar eller set deg i opposisjon til samfunnet om du melder deg inn i eit politisk parti eller ytrar deg, men heller at dei som gjer dette er modige ungdommar med eit ønske om å gjere ein innsats for eit betre samfunn.
Ungdomspolitikken skal ikkje vere ein stad der ein held inne meiningar i frykt for å verte dømde, men ein arena der engasjerte ungdommar kan arbeide for å skape eit betre samfunn.
Eg håpar at denne debatten fører til meir openheit og større respekt rundt det å vere politisk engasjert blant ungdom, og at fleire ynskjer å delta i noko så spanande og viktig som ungdomspolitikk er.