Noreg tapar viss verda lukkast

Hulda Holtvedt, talsperson for Grøn Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Oljebransjen er vår mest forureinande næring: Faktisk gjer den oss den 7. største klimagasseksportøren i verda. Dette hindrar ikkje regjeringa i å investere nye milliardar i olja kvart einaste år. Gjennom leiterefusjonsordninga kan selskap som går med underskot få dekka 78 prosent av leitekostnadene sine. På denne måten investerer staten i å gjere det attraktivt å leite etter olje, for seinare å kunne hauste skattekroner frå nye funn.

Både Erna Solberg og bransjeorganisasjonen Norsk Olje og Gass tviheld på at oljenæringa ikkje er subsidiert. Men det er den, dokumenterer IMF. Ved å nekte for IMF sin definisjon av fossilsubsidiar, bidrar dei til å tåkeleggje ein debatt som allereie er uoversiktleg.

Risikerer fleire skandalar

Rett nok har dei statlege oljeinvesteringane gjeve god gevinst til no.

Leiterefusjonsordninga har gjort det lettare for nye aktørar å satse på norsk sokkel, og me har håva inn skattepengar når dei har funne olje. Likevel er det ikkje gitt at ordninga vil fortsetje å vere lønsam. Ettersom mange av dei lett tilgjengelege oljereservane blir tømt, blir det vanskelegare å finne lønsame brønnar. Da risikerer me fleire skandalar som North Energy – oljeselskapet som fekk utbetalt nesten tre milliardar i leiterefusjon og tok ut høge lønningar i årevis, utan å finne ei dråpe lønsam olje.

Faktisk bør me håpe at dei statlege oljeinvesteringane blir ulønsame.

Faktisk bør me håpe at dei statlege oljeinvesteringane blir ulønsame. FNs klimapanel er klare på at me ikkje kan utvinne meir olje og gass enn me allereie har funne. Verda er samd om å fase ut fossil energi for å stanse temperaturstigninga. Føresetnaden for at Noreg skal få avkastning på oljeinvesteringane i framtida, er altså at me mislukkast i klimapolitikken.

Absurd

Dette paradokset viser kor absurd det er å frikople olje frå klimapolitikken, slik regjeringa gjer. Sjølvsagt må ein vurdere dei statlege oljeinvesteringane i eit klimaperspektiv – fordi staten tar stor risiko i ei solnedgangsnæring, men også fordi det betyr noko for klimaet kor me investerer dei store pengane. Grunnen til at land som Tyskland og Danmark har store fornybar-industriar, er at politikarane har lagt til rette for det. Her i Noreg gjer me det motsette.

Ved å stille opp som garantist for oljeselskapa, gjer me fossilindustrien uforholdsmessig lukrativ, og andre bransjar får relativt sett dårlegare vilkår.

Ved å stille opp som garantist for oljeselskapa, gjer me fossilindustrien uforholdsmessig lukrativ

Vil tape av seg sjølv

Kor lett er det til dømes å vere sjølvstendig næringsdrivande i Noreg? Gründare får ganske visst også skattefordelar, men ikkje i nærleiken av kva oljeselskapa får utbetalt i leiterefusjon. Viss gründarar fekk refundert 78 prosent av investeringskostnadene sine fram til dei byrja å tene pengar, er det naturleg å tru at fleire ville investert. Den økonomiske risikovurderinga blir vitterleg påverka av at du slepp å ta risikoen sjølv.

Det blir neppe naudsynt å gje aktiv dødshjelp til oljenæringa. Om me sluttar å subsidiere oljeselskapa, og heller lar dei betale kva det faktisk kostar å forureine, vil oljenæringa snart tape av seg sjølv. Og Noreg slepp å tape med den.

Det blir neppe naudsynt å gje aktiv dødshjelp til oljenæringa.