Tilbod ein kan dø av


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

No er det nok ein gong tid for Black Friday. Ein av mange «tradisjonar» vi har adoptert frå USA. Sjefane gnir seg i hendene, dei tilsette har begynt å sveitte medan køane begynner å ta form. Tilboda blir betre og betre, og vi brukar meir og meir pengar.

Det har til og med begynt å bli farleg å delta i Black Friday-hysteriet. Nettstaden Black Friday Death Count kan informere om 10 dødsfall og 111 skader sidan 2006.

…dette har skapt store eksistensielle spørsmål i ein miljøglad sunnmøring

Som ein sunnmøring og miljøforkjempar må eg innrømme at eg har eit noko ambivalent forhold til dette fenomenet. På den eine sida set eg pris på at eg kan handle det eg treng for ein rimelig sum. På den andre sida grøsser eg over faktumet at vi bruker milliardar av kroner på ting vi ikkje treng.

Berre tenk på miljøskadane ein slik dag forårsakar, for ikkje å snakke om dei stakkars folka som har laga alt det vi kjøper og som jobbar for luseløn slik vi kan få billege julegåver.

Ikkje bra. Og de kan tenke dykk at dette har skapt store eksistensielle spørsmål i ein miljøglad sunnmøring.

Derfor har eg forsøkt å lage nokre spelereglar til meg sjølv som eg navigerer etter i tilfelle eg skulle falle utfor å handle på Black Friday.

Les også: Den verkelege «Black Friday»

Regel #1 – Treng eg det eg skal handle?

Det er det første eg spør meg sjølv om når eg skal handle. Eg har vore så heldig å hatt ei mor som har spurt meg det spørsmålet gjennom barndomen og det har eg tatt med meg vidare i livet. I Black Friday-kaoset er det spørsmålet kanskje viktigare enn nokon anna gong.

Psykologien har lært oss at når det er tilbod vil vi kjøpe meir enn vi treng. Rett og slett ei felle butikkane lagar for at vi skal kjøpe meir. Men korleis skal ein finne ut om ein treng noko eller ikkje?

Her er nokre eksempel: Har eg allereie ei vinterjakke frå før? Då treng eg ikkje ei ny. Vil eg kjøpe det fordi eg syns det er litt gøy å ha? Då treng eg det ikkje. Er eg usikker på om eg vil bruke det? Då treng eg det ikkje.

Les også: Folk strøymde til for å kjøpa brukt og reparera gamalt

Regel #2 – Tenk over kven som har laga det og korleis levevilkåra deira er.

I tilfelle der varer blir masseprodusert i mindre velståande verdsdelar er dette viktig å tenke over. Klesbransjen er ein stor og stygg ulv her.

Eg boikottar ikkje kleskjeder, for det har tekstilarbeidarane gått ut og sagt at dei ikkje vil, men eg gjer litt research før eg kjøper kle.

Eg kan blant anna anbefale å gå inn på Framtiden i våre hender sin guide over kven som støttar ei sikrare framtid for tekstilarbeidarar. På denne måten bidreg eg i alle fall ikkje til at verstingane får halde på slik dei vil.

Les også: Bryr me oss om dei som lagar mobilane våre?

Regel #3 – Kunne eg ha kjøpt det brukt?

Det siste eg spør meg sjølv om er om eg kunne ha valt second-hand i staden for å kjøpe nytt. T-skjorta eg lurer på å kjøpe kunne eg nok på til dømes ha funne på Tise. Og den kommoden eg vurderer er garantert på Finn.no. Der er den til og med kanskje gratis. Dette gjeld også for det meste andre som ein kan kjøpe nytt.

Ein kan stort sett alltid finne brukt-alternativ til det ein trenger. Det er bra for både miljøet og økonomien.  

Les også: Sel brukte klede: – Me har eit stort forbruk av klede. Det er heilt ekstremt!