Folk strøymde til for å kjøpa brukt og reparera gamalt
Motrørsla til kjøpehysteriet på Black Friday fekk stor oppslutning i Sogndal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sogndal: På Dampskipkaia i Sogndal var det ikkje store tilbod og kjøpefest, men gjenbruk det handla om fredag. Arrangementet er den rake motsatsen til den svarte varianten som føregjekk synkront på butikkane i sentrum eit steinkast unna.
– Det handlar om å overbevisa folk om å ikkje gå på Black Friday og kjøpa for det meste meiningslause ting, men heller komma hit og kjøpa noko brukt, seier Calum Macintyre frå Protect our winters Norway, som var ein av arrangørane, saman med Victoria Slaymark frå Framtiden i våre hender i Sogndal og Maria Kalhagen frå DNT Ung i Luster.
Stort oppmøte
Slaymark minner om at Norge har det niande høgste karbonfotavtrykk i verda og overforbruk er ein viktig del av problemet.
– I vestlege land har me ein tendens til å kjøpa ting utan å tenka oss om. For meg er det viktig at folk blir bevisste at det påverkar miljøet, seier Victoria Slaymark frå Fremtiden i våre hender i Sogndal.
Oppmøtet tyder på at dei har treft ei nerve. Heile kafèen var full av folk og symaskinene gjekk for fullt.
– Responsen har vore heilt enorm og det er artig å sjå. Masse ting har blitt selde, gitt vekk eller reparerte. SGN Skis har preppa ski i tillegg, så no er alle klare for skisesongen, Maria Kalhagen i DNT Ung Luster.
Gratis skiprepp
Den lokale skiprodusenten var definitivt eit populært innslag. Ute på kaikanten tilbaud dei alle som ønska det gratis voksing og fylling av riper på skia.
– Det er for å ta litt avstand til dette kjøpehysteriet på Black Friday. Me kan heller ta vare på dei tinga vi har. Ei ski kan vara i mange år den, berre ho får litt kjærleik, seier dagleg leiar Erling Grøstad.
Òg skotten Mcintyre, som er klimastudent på høgskulen, tykte det var fantastisk å sjå kor mange som hadde møtt opp.
– Eg trur nesten det er på same nivået som hos butikkane som har Black Friday. Det er flott å kunne promotera idèen om å minska forbruket, på ein dag som tradisjonelt er kjent for overforbruk, seier han.