Korleis skal eg forklare mine framtidige barn at mamma og pappa møttast via ein luguber app?

Hannah Kolås
Hannah Kolås

Det er mange ting eg lurer på her i verda. Ein av tinga eg lurer mest på er korleis eg skal fortelje mine framtidige avkom det faktum at mamma og pappa møttest via ein app.

Ja, eg møtte kjærasten min på Tinder.

Jo, takk som spør, det går veldig fint med oss. Vi er no på tredje året med bevisgjering av at kjærleik faktisk kan finnast via appar, og kvart år når vi feirer årsdag så lurer vi på om vi skal sende takkebrev til Tinder.

Aldri før har så mange nordmenn brukt datingappar, og sjølv om Tinder i utgangspunktet vart skapt for å «få ein ny sjanse til å møte personar du normalt ikkje ville møte på», er det ikkje til å stikke under stol at det har festa seg eit noko klamt rykte til appen.

Det er mange som aktivt bruker Tinder til dating, og mange som har funne sin betre halvdel i Tinder-universet. Samtidig er det ein del som har inntrykk av at appen er ein slags hendig måte å skaffe seg kjønnsorgan på bestilling.

Ganske kult å skulle forklare det til barnet ditt når han eller ho lurer på korleis mamma og pappa møttest. Altså, det er sikkert nok av foreldre som har måtte funne på ei god dekkhistorie for one night standen som faktisk var starten på forholdet.

No var det sjølvsagt ikkje difor kjærasten min og eg brukte Tinder. Vi prøvde berre ut ein ny teknologisk trend som hadde kome over Atlanteren. Himlar du med augene no? Nettopp, det er det som er poenget mitt.

Det er umogleg å leggje det fram utan å få det stempelet. Så korleis skal eg forklare barna mine at dei er produkt av ein teknologisk kjærleiksparodi? Kva situasjon passar det å kome med slik informasjon? «Vennen, er det ok med kjøttkaker til middag? Forresten så møttest mamma og pappa via det mange ser på som ein sex-app. Kor mange poteter vil du ha?

For ikkje å snakke om: Korleis vil dette bli mottatt i skulegarden? Vil det bli eit klasseskilje mellom barna som har foreldre som møttest på ein sjukt romantisk måte og barna som har foreldre som opplevde «kjærleik ved første tastetrykk»?

LES OGSÅ: – Dialogen mellom Romeo og Julie har mykje til felles med Tinder-flørten

Eg ser for meg følgjande samtale mellom tre barn sitjande på huskestativet:

– Mammaen og pappaen min møtte faktisk kvarandre heilt tilfeldig på ei kritkvit strand i Thailand, og heilt tilfeldigvis skylte ein rosebukett i land akkurat i det dei helsa på kvarandre!!

– Mammaen og pappaen min møttest i ein park då dei begge var ute og lufta hundane sine! Dei gifta seg eitt år etterpå og hundane var forlovarar.

– Mammaen og pappaen min møttest i eit teknologisk univers der du eine og aleine trykkjer liker avhengig av om du tykkjer vedkomande ser nokolunde attraktiv ut.

Kva gir du meg?

Så: Eg treng nokre tips. Difor har eg snakka med eit klokt hovud innan denne problemstillinga, nemleg familie- og samlivsterapeut Trine Huseby. Ho meiner det mest interessante for barna er kven mamma og pappa var den gongen, og korleis dei blei kjent – frå dei møttest. Med andre ord er det ikkje så viktig korleis ein møttest.

– Om foreldra hadde ei forhistorie som Bridget Jones eller Rino i Fatso er ikkje relevant. Det er eit utal måtar å møte ein partnar på. Nokre par har ei veldig spesiell eller sjeldant morsom historie, andre skulle ønskje det hadde gått føre seg meir sømmeleg eller romantisk. Ein har lett for å ha fokus på seg sjølv; eigne minner og eigne kjensler. Barn har ein annan innfallsvinkel; dei er opptatt av ei spanande historie eller å sjå for seg foreldra som unge og umodne. Dei har ikkje same fokus på rammene rundt eller foreldra sitt kjensleliv, fortel Huseby.

Moralen blir med andre ord: Det er tydelegvis bakpå å vere flau over at du møtte din betre halvdel på Tinder. Men ingen trur på at det var ein romantisk første date likevel.

Apropos Tinder, få med deg denne: Journalist Andrea Nøttveit fortel om 10 Tinder-dates – og kva ho lærte av dei

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE