Ho selde brurekjolen med nynorskdikt på Finn
 
													
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er morosamt at folk set pris på litt poesi. Eg er ikkje nokon diktar, men eg tykkjer det er artig å dikte litt til store anledningar, seier Kaja Lundbø.
Då 36-åringen frå Tromsø skulle kjøpe brurekjole på nett gjekk ho på ein smell. Kjolen, som ho kjøpte brukt for 5000 kroner, viste seg å vere i trongaste laget, utan særleg pusterom.
	7800 visningar
	Lundbø la kjolen ut for sal på Finn.no, men då annonsa vart teke ned etter 60 dagar fann ho ut at ho måtte endre taktikk. 
Ho la ut annonsa på nytt med eit nynorskdikt. Då avisa Nordlys omtalte saka hadde annonsa fått 2000 visningar, men då Framtida.no fekk siste oppdatering onsdag kveld hadde over 7800 klikka seg inn på den kreative annonsa.
Det var under elevane sin nynorskeksamen at norsklæraren vart ho inspirert av ei oppgåve tiandeklassingane løyste. Dei skulle nemleg sjå på éi Finn-annonse og analysere kvifor ho hadde vorte så populær.
– Då tenkte eg at eg òg har jo noko som eg skal selje og tenkte at eit dikt kan gjere slik at saka får litt meir fart, seier Lundbø.
	Finn-lærdom
	Sjølv om ho har tapt litt pengar på bomkjøpet har Lundbø lært at det lønar seg å tenkja utfor boksen og at det meste kan seljast med litt humor. Dette er erfaringar ho har tenkt å ta med seg inn i klasserommet.
– Det kan vise korleis skal ein kan skaffe seg positiv merksemd, og kor fort ting kan bli delt. I tillegg kan det vise at ein kan bruka det nynorske språket til noko konstruktivt, seier læraren, som ikkje legg skjul på at det er stor motstand mot det som for hennar elevar er sidemål.
– Men dei er glade i å laga dikt. Dei føler at det er eit lyrisk språk, så eg håpar at dette kan vere til inspirasjon, seier Lundbø.
Her kan du lesa diktet:
…som ho sa, brura!
	Draumekjolen blei kjøpt usett på FINN
	Eg var full av forventning og raud i kinn
	Han hadde verkeleg klasse
	Kunne han kanskje..? Ja,han måtte passe!
	Eg kunne sjå føre meg brura i blonder og chiffong
	der ho strålte og nynna ein
	kjærleikssong
	No kjenner eg meg berre trøytt og sliten
	For kjolen- ja den var for liten.
	Å fjerne eit par ribbein eller trene til eg spyr
	Nei, det blir rett og slett for mykje styr.
	Så kjære du kvinne,-superslank og nett
	Kjem du deg inn i storleik 32
	må valet vere lett.
	Eg kjøpte kjolen for fem tusen krone'
	Så no er spørsmålet, du blivande kone:
	Tretten tusen kosta den ny
	Kva er du villig til å by?
Onsdag kveld vart kjolen endeleg selt og Kaja Lundbø kan difor puste letta ut for at det er ein mindre ting å tenkja på før bryllaupet.




