Drivhusgassar på eit rekordhøgt nivå

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på drivhusgassar i atmosfæren har nådd nye høgder, konstaterer FNs meteorologiorganisasjonen (WMO).

Les også: Kutt i kjøt og mjølk minskar miljøavtrykket

Meir metan

Den gjennomsnittlege konsentrasjonen av CO2 auka til 405,5 delar per million (ppm) i fjor, mot 403,3 ppm i 2016. Nivået av drivhusgassane metan og nitrogenoksid auka også.

– Utan raske kutt i CO2 og andre drivhusgassar vil klimaendringane få ein stadig aukande, øydeleggjande og irreversibel påverknad på livet på jorda. Vindauget for å gjere noko er nesten lukka, seier WMO-sjef Petteri Taalas.

WMO har òg funne ein auke i klorfluorkarbongassen KFK-11, sjølv om dette er omfatta av eit internasjonalt produksjonsforbod. Truleg har produksjonen av gassen auka i Asia, ifølgje WMO. KFK-gassar skader ozonlaget som vernar jorda mot UV-stråling frå sola.

Les også: Fem grøne ting du bør eta mindre av