Psykologistudent laga film om karakterpresset

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Student laga film om presset

– Eigentleg så skulle eg ikkje sitte her og grått over å få ein B, men det var jo A eg skulle ha. Så det spela ikkje noko rolle viss det ikkje var det, seier ei av dei unge håpefulle psykologistudentane i traileren til dokumentarfilmen Gjennom nåløyet.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inni skulen

Fleire år på å koma inn
Filmen følgjer studentane Iselin Isdal Furset, Mathias Jesman Sunde og Thea Marie Rath, som alle tek psykologi årsstudium i håp om å kome gjennom nålauget til profesjonsutdanninga på Universitetet i Bergen (UiB).

Regissør Fredrik Lian har både intervjua dei tre studentane og følgt dei på lesesalen, i kvardagen og ikkje minst medan dei opna eksamenskarakterane for fyrste gong.

Regissøren, som sjølv er profesjonsstudent i psykologi, veit godt kva dei tre går igjennom.

– Karakterpress er ikkje eineståande for årsstudium i psykologi. Det unike er at studentane må ha A-snitt for å i det heile teke få lov til å byrja på eit andre år på psykologutdanninga. Det å bruka fleire år på dette er regelen heller enn unntaket. Kvifor mange studentar vel å gjera dette år etter år, og kva konsekvensar det kan ha for dei personleg, var noko av bakgrunnen for at eg byrja med denne filmen, seier Lian til studentavisa StudVest.

Filmen, som er produsert av det psykologiske UiB-tidsskriftet Katarsis, har premiere i kveld og skal seinare visast på nettsidene til Aftenposten.

LES OGSÅ: Vil ha fleire menn på psykologiutdanninga

Endrar utdanninga
Psykologifaget har fått auka popularitet og status dei siste åra.

Til opptaket denne hausten søkte over 850 personar på psykologi årsstudium ved Universitetet i Bergen. Mange av desse har eit mål om å koma gjennom nålauget til profesjonsstudiet. Ni av ti klarar det ikkje.

Men i år vert siste året universitetet tek opptak på denne måten.

Frå og med hausten 2016 vert det to opptak. For siste gong vert det opptak basert på karakterar i årsstudiet, som går rett inn i andreklasse på det nye seksårige løpet. Dette skal erstatte dagens ordning der karakterane frå årseininga avgjer om ein kjem vidare inn på ei femårig profesjonsutdanning.

Denne hausten tek universitetet nemleg for fyrste gong inn studentar til det nye løpet via Samordna opptak.

Både Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim har allereie gått over til ei slik ordning, som  både Norsk psykologforening og Det nasjonale profesjonsråd har tilrådd.

Denne hausten søkte 994 personar på profesjonsstudiet i Oslo, medan 701 ville inn i Trondheim.

Universitetet i Tromsø er no einaste norske profesjonsutdanninga i psykologi som held på den gamle opptaksmodellen.

Her kan du høyra ein NRK P3-dokumentar om psykologibølgja.

Sjå trailer for filmen her: