Klimaendringar gir meir ustabil jordbotn

Klimaendringar reduserer evna jorda har til å lagra vatn. Det igjen påverkar det biologiske mangfaldet, helsa til folk og mat- og vasstryggleiken, har forskarar funne ut.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er talet på såkalla jordporer som påverkar evna bakken og jorda har til å halda på vatn, ifølgje forsking ved Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

Store porer gjer jorda meir porøs, viser jordprøvar forskarane har tatt. Foto: Attila Nemes / Nibio

Særleg er det talet på store porer, makroporer, som spelar inn. Konsekvensane av færre makroporer er at mindre vatn trengjer ned i bakken. Dermed blir det meir overflatevatn og auka fare for erosjon og kraftig flaum.

– Ein stor del makroporer gjer at vatn lettare blir tatt opp i jorda, noko som er viktig for røtene til plantene som veks i jorda på jakt etter næringsstoff, og ikkje minst for tilsiget av vatn til grunnvasskjelder. Det er derfor viktig å forstå korleis klimaendringar påverkar talet på makroporer og dermed mengda vatnet i jorda, skriv forskarane Attila Nemes ved Nibio og Daniel R. Hirmas ved Universitetet i California.

Les også: Vil gjere byane meir budde på våtare klima

Fleire flaumar og meir jorderosjon

I ein ny artikkel i tidsskriftet Nature viser dei korleis porøsiteten til jorda kan bli påverka av klimaendringar. Det kan gi fleire flaumar og meir jorderosjon dei neste 80 åra, meiner forskarane.

Dei undersøkte talet på makroporer i jordprøva frå dei siste femti åra frå område i USA med ulik grad av nedbør, temperatur og fukt. Talet på store porer viste seg å auka meir i tørre område enn i område med eit fuktig klima.

– Det var også tydeleg at desse endringane skjedde raskare enn me tidlegare hadde rekna med, kanskje så raskt som på nokre år eller tiår, skriv forskarane.

Les også: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje