Vil gjere byane meir budde på våtare klima

For å gjere norske byar betre rusta til å takle ei framtid med meir nedbør, har hydrologar, meteorologar, arealplanleggjarar og andre ekspertar gått saman i eit felles prosjekt: SURF-prosjektet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I ei gransking blei det avdekt at 60 prosent av norske kommunar manglar kapasitet for å sikre seg mot skadar av overvatn som følgje av eit endra nedbørsklima.

I tillegg manglar det kompetanse, verktøy og prosedyrar for overvatn-handtering. Dette vil vi gjere noko med, seier prosjektleiar Thomas Skaugen i Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Resultata frå prosjektet skal auke kunnskap og kompetanse hos relevante institusjonar og kommunar om vatn i by, det vil seie urbanhydrologi.

Vil studere vatn i bebygde område

Urbanhydrologi er den delen av kretsløpet til vatnet som er knytta til bebygde område.

– Vi brukar Oslo by som studieområde til å fordjupe oss i urbanhydrologiske prosessar som responstider, ekstremverdiar og strøymingsvegar for vatn over tette og utette flater. Frå vêrradar og punktobservasjonar vil vi lage nedbørskart med høg oppløysing. Karta skal vi bruke for å lage gode hydrologiske, hydrauliske og geografiske informasjonsmodellar.

Dette vil også gi betre kunnskap om kraftige nedbørshendingar som skaper overvatn. Vi vil også utvikle modellar som kan identifisere kvar dei største overvatnproblema oppstår for ulike nedbørshendingar og korleis vi kan førebyggje desse, seier Skaugen.

Når prosjektet vert avslutta i 2020 håper SURF å levere eit verktøy for detaljert urbanhydrologisk analyse.

Partnarar i prosjektet er Noregs vassdrags- og energidirektorat, Meteorologisk institutt og Vass- og avløpsetaten i Oslo kommune. Prosjektet er i hovudsak finansiert av Noregs forskingsråd, men vert også støtta av Finans Norge, Norsk Vann og Statens vegvesen.