Norske bedrifter skrik etter handverkarar

Seks av ti norske NHO-bedrifter manglar tilsette med rett kompetanse. Særleg manglar dei handverkarar, viser NHOs kompetansebarometer.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det årlege kompetansebarometeret, som vart lagt fram tysdag, viser endå ein gong at NHO-bedriftene slit med å få tak i folk med den rette kompetansen. Dette fører til at dei taper kundar og marknadsdelar, eller at dei må skrinleggje planlagde utvidingar, oppgir 40 prosent av bedriftene som har svart at dei har eit udekt kompetansebehov.

– Når vi veit at vi må skape 600.000 nye jobbar fram mot 2050, så kan vi ikkje ha det sånn at bedriftene må seie nei til oppdrag fordi dei manglar folk. Då får vi ikkje skapt nok arbeidsplassar, seier fungerande administrerande direktør i NHO Ole Erik Almlid til NTB.

Les også: – Eg ville aldri takla å jobba på kontor

Ettertrakta handverkarar

Som i undersøkingane tidlegare år er det først og fremst personar med handverksfag det er manko på i norsk næringsliv. 62 prosent av bedriftene oppgir at dei har behov for fleire tilsette med yrkesfagleg utdanning, spesielt innanfor teknikk- og industriell produksjon, bygg og anlegg og elektrofag.

Dernest følgjer fagskoleutdanning, som blir etterspurd av 53 prosent. Vidare har 42 prosent av bedriftene behov for tilsette med bachelorutdanning, 34 prosent har behov for folk med mastergrad og 7 prosent folk med doktorgrad.

– Dette viser at utdanningssystemet ikkje klarer å levere den kompetansen bedriftene har bruk for, seier Almlid.

Han seier at mangelen på folk med yrkesfagleg bakgrunn har vart over tid, og at det er viktig framover å ta grep både for å rekruttere fleire unge til yrkesfag og for å skape fleire yrkesfaglege studieplassar.

Les også: Fleire elevar vel yrkesfag

Må lytte til næringslivet

Det er mellom anna behov for folk med yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg. Foto : Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Det er mellom anna behov for folk med yrkesfagleg utdanning innan bygg og anlegg. Foto : Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Almlid meiner fylkeskommunane, som eig dei vidaregåande skulane i landet, baserer seg for mykje på kva ungdommane ønskjer når dei dimensjonerer yrkesfaga.

– Dei bør i mykje større grad sjå på kva næringslivet har behov for, og så må rådgivarane på ungdomsskulen bli flinkare til å rettleie ungdommane inn i dei faga. Ungdommane må få vite at det er enorme moglegheiter til å få seg jobb viss dei har yrkesfag, seier han.

Han peikar på at mange ungdommar i dag ikkje kjem seg gjennom den vidaregåande skulen, noko som for mange fører til varig utanforskap frå arbeidslivet.

– Dette er eitt av dei største samfunnsproblema vi har i Noreg. Det er ein vanvitig situasjon at mens næringslivet står der og treng folk, så fell unge ut av utdanning og blir ikkje ein del av arbeidslivet, kanskje for resten av livet. Då får dei ikkje det verdige livet dei skulle hatt, seier han.

Les også: OECD tilrår endringar i yrkesfaga – elevorganisasjonen er ikkje overraska

Behov på alle nivå

Almlid understrekar at næringslivet òg treng tilsette med høgare utdanning, sjølv om yrkesfag er mest etterspurt.

– Dette er eigentleg historia om behov på alle nivå, men unge bør nok tenkje litt meir systematisk på kor dei kan få jobb, før dei startar på utdanninga si. Alle skal ikkje nødvendigvis ta ein mastergrad eller doktorgrad, seier Almlid.

NHO meiner òg at mastergradane bør dimensjonerast betre i forhold til behova i næringslivet, og at det bør komme langt fleire mastergradar innanfor tekniske fag og ingeniørfag, mens andre mastergradsutdanningar kan slankast litt ned.

Almlid seier den viktigaste oppfordringa NHO har til styresmaktene er at ein i større grad syr saman all utdanning og kompetansepolitikk til det næringslivet treng.

Les også: Elevar på yrkesfag skal få meir spesialisering