Unge har naiv forståing av Instagram

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser forsking frå OsloMet, publisert på Forskning.no.

For å finne ut korleis ungdommar tolkar bilde på Instagram og korleis dei handterer kroppspress og kroppsideal, gav forskarane ved OsloMet ein tiandeklasse ulike oppgåver der dei skulle reflektere rundt kroppspress.

Forskarane observerte elevane, analyserte tekstane deira og hadde gruppesamtalar med dei, skriv Forskning.no.

Les også: Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame

Justin Bieber og Victorias Secret

I samarbeid med lærarane fekk elevane sjølve velje kva for oppgåver dei skulle jobbe med. Elevane valde å bruke bilde frå Instagram, fordi det var det mediet dei brukte mest på fritida.

Medan jentene valde å analyserer Instagram-kontoane til Kendall Jenner, Kylie Jenner og Victorias Secret, valde gutane Instagram-kontoane til Justin Bieber og Arnold Schwarzenegger, skriv Forskning.no.

Frå instagramkontoen til Kylie Jenner:

https://www.instagram.com/p/Bp7x1lRnBIY/

Les også: Reklamen triggar spiseforstyrringa mi

Ser ikkje dei kommersielle interessane

Forskarane fann at elevane viste liten kritisk distanse til innhaldet og hadde vanskar med å forstå blandinga av kommersiell og privat framstilling på Instagram da dei skulle analysere bilda.

Da elevane såg eit bilde av Justin Bieber i ein boksershorts frå Calvin Klein, oppfatta dei det ikkje som reklame, men som eit tips til dei.

https://www.instagram.com/p/BW6OqaIjipx/

– Jentene i Victorias Secret representerer «girl-power», og viser at jenter kan gjere kva som helst. (…). Modellane er store ideal, og ungdommane ser ikkje bakteppet og alle dei kommersielle interessane som ligg bak, seier universitetslektor Berit Engebretsen i OsloMet til Forskning.no.

Instagram er eit medium ungdommane bruker mykje av fritida si på.

– Dette er også ein arena kor dei treng å utvikle eit analytisk språk og opparbeide ei kritisk tilnærming til sosiale medium, seier universitetslektor Lisbeth Elvebakk ved OsloMet.

Ein av Instagramkontoane jentene undersøkte, var Victorias Secret:

https://www.instagram.com/p/BqNb4uWBCIB/

Kven vert påverka?

Forskarane fortel at dei undervegs i prosjektet såg ei aukande forståing av mekanismane på Instagram. Dei såg òg to forskjellige sider i elevane sitt arbeid med bilda. Jentene uttalte at dei både var inspirerte og undertrykte.

Samstundes uttrykte både gutane og jentene at dei sjølve ikkje trur dei blir påverka av Instagram, men av venner og folka dei møter. Tiandeklassingane meiner dei har kontroll på kva dei blir påverka av.

Gutane meinte at jentene vart meir påverka enn dei sjølve, fordi det er fleire produkt retta mot jenter, som handlar om kropp og sminke, skriv Forskning.no.

Blir innført lovverk og retningslinjer mot kroppspress

Sidan kroppspress har vorte ein så stor del av både reklameverda og sosiale medium, har det kome fleire regelverk på banen for å beskytte ungdommane frå påverknad som det er dokumentert gir dårleg sjølvbilde.

I fleire byar er det blitt innført forbod mot retusjert reklame, og påbod om merking av retusjert reklame på kommunal eigedom. I Oslo vart det tidlegare i år vedteke eit forslag om merking av reklame som retusjerer kroppsfasongen til modellane, og for å endre marknadsføringslova for å motarbeide kroppspress mot barn og unge.

No jobbar òg Medietilsynet og Forbrukartilsynet med retninslinjer for såkalla influencarardei som tener pengar på at vi følger dei på Instagram eller Snapchat. Blant retningslinjene er at påverkarane ikkje skal promotere kosmetiske inngrep eller injeksjonar for varig endring av utsjånaden, og ikkje marknadsføre produkt som skal gi vektreduksjon.

Dei blir òg pålagde å merke bilde som er manipulerte og gir feilaktig bilde av kroppsfasong og utsjånad.

Les også: Vil forby reklame mot kosmetisk kirurgi