Forbrukarrådet: Digital kommunikasjon mellom lege og pasient kan gi milliardinnsparing
Norske fastlegar er treige med å ta i bruk moderne kommunikasjonsmiddel. Ei betring kunne spara samfunnet mange for milliardar, meiner Forbrukarrådet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei undersøking frå Forbrukarrådet viser at folk veldig gjerne ønsker å nytte seg av moderne kommunikasjonsmiddel for å kommunisere med fastlege eller for å få helsehjelp. Undersøkinga viser likevel at ein del legar ikkje ser nokon grunn til å ta i bruk moderne hjelpemiddel.
Legetime på video kan spare milliardar
Fagdirektør i Forbrukarrådet Anne Kristin Vie, påpeikar at norske fastlegar har ein svært viktig jobb. Ho meiner difor det må vere enkelt å komme i kontakt med dei og trekkjer fram legetime på video som eit godt døme på eit nyttig verktøy til betre kommunikasjon.
– Mange pasientar vil ha legetime på video for å sleppe fråvær frå til dømes skule eller jobb. Likevel er det berre åtte prosent av fastlegane som tilbyr dette. Her er det høve for milliardinnsparingar for samfunnet, seier Vie.
Les også: Ny app for brystkreftråka
Bør krevje meir digitale legar
Vie set si lit til helseminister Bent Høie, og forventar at kommunane tek ansvar for å digitalisere helsevesenet i større grad. Ho meiner helseministeren bør gjere det obligatorisk for legane å bli meir digitale.
Ho skulle òg gjerne sett at legane var meir positive til videosamtale for konsultasjonar. I undersøkinga kjem det nemleg fram at forventingane til folk om den digitale doktoren ikkje blir innfridde. Ei av årsakene handlar om at legane ikkje trur pasientane er smarte nok.
– Legane må slutte å undervurdere pasientane. Vi kan slå fast ein gong for alle; folk er kompetente, dei vil at legen skal vere digital, og no synest dei han heng etter det offentlege generelt, seier Vie.
Les også: Du blir meir overvaka enn du trur