Ny app for brystkreftråka

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av 2019 vert ein chatbot for kvinner, som anten har, eller vert utgreia for, arveleg bryst- og eggstokkreft lansert, skriv Kreftforeningen.no.

Kvart år får rundt 3400 kvinner og eit lite tal menn i Noreg brystkreft.

Det er ein tung beskjed å få, og det ikkje alltid like enkelt å få med seg alt som vert sagt på doktorkontoret. Legen kan bruke omgrep pasienten ikkje kjenner, spørsmål kan dukke opp når ein er heimattkomen, og hovudet heng ikkje nødvendigvis heilt med.

Difor utviklar forskar Cathrine Bjorvatn ved Haukeland Universitetssjukehus ein app som skal gje kvinner svara dei treng.

– Dei kan stille spørsmål dei lurer på til chatboten i førekant av ein konsultasjon for å vere meir førebudd, og ikkje minst stille dei spørsmåla ein gløymde hjå legen i etterkant, seier ho.

Også familiemedlem kan nytte appen slik at dei får ei betre forståing av sjukdomen.

Les også: Thea miste mor si til kreft, no tek ho eit krafttak mot sjukdomen

Roboten Rosa til rådigheit

Appen er basert på kunstig intelligens, og roboten som svarar på spørsmåla ein skriv, heiter Rosa

Idéen fekk Bjorvatn i 2016, då arveleg brystkreft var temaet for Rosa sløyfe-aksjonen. Forskaren mottok då 3,8 millionar for å setje ideen ut i livet.

Kreftforeininga skriv at samtalane i appen vert innleia slik:

«Hei, mitt navn er Rosa. Jeg er en robot, jeg er ikke et menneske. Jeg er under opplæring, så det er fint om du stiller meg korte og presise spørsmål. Da er det enklere å forstå hva du mener».

Rosa ligg no i hardtrening fram mot neste år. Det er vanskeleg å få ein robot til å svare på menneskelege spørsmål, men dess fleire gongar Rosa vert spurt, dess smartare vert ho.

Genetiske rettleiarar, pasientar og ekspertar frå heile landet er difor med på utvikle og teste roboten slik at Rosa skal forstå spørsmåla ho får, og vere i stand til å svare på dei.

– Kunstig intelligens er ein teknologi som kjem, anten vi vil eller ei, så eg synest det er viktig å temme teknologien og utnytte den, seier Bjorvatn.

Les også: Serious games – dataspel som reddar liv