Dei tyngste soldatane kjem frå Bygde-Norge

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.10.2019 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultata kjem fram i ein ny rapport frå Samhandlingsbarometeret i Helse Førde, melder NRK.

– Det er ein tendens at bygdefolk er tyngre enn folk i byane, seier John Roger Andersen, som er professor ved senter for helseforsking i Førde. Ein ny rapport som dei har utarbeidd, viser gjennomsnittleg BMI hos ungdom i samband med sesjon.

Les også: Norsk studie: Forskjell på fedme blant jenter og gutar

Tyngre på landsbygda enn i byane

Blant ungdommane som møtte på sesjon mellom 2014 og 2017, var det flest overvektige i Finnmark, der 31,4 prosent er registrert med overvekt eller fedme. I Nordland var delen 27,9 prosent. Både i Sogn og Fjordane og i Troms er 26,7 prosent rekna som overvektige eller med fedme.

Nedst på lista finn vi ungdom frå Akershus og Oslo, der berre 17,8 og 16,3 prosent blir rekna som overvektig eller med fedme.

– Vi ser at det er store skilnader mellom fylka og landsdelane, der dei fylka som ligg lengst unna store byar og har færrast store tettstader, har størst førekomst av overvekt. Dette er eit kjent trekk, og det ser vi er veldig tydeleg, seier Andersen til NRK.

– Om ein ser på anna forsking for Noreg, så ser vi at folk på landsbygda tenderer å vere litt tyngre enn folk i byane. Dette har vi sett over ei rekkje år og i ulike aldersgrupper, seier han.

Les også: – Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar

Kroppsmasseindeksen fortel ikkje alt

Kommunikasjonssjef ved Forsvaret sitt personell- og vernepliktssenter, oberstløytnant Vegard Finberg, fortel at dei har eit nyansert syn på BMI.

– Forsvaret har sett ei øvre grense for BMI på 35. Når det er sagt, er det viktig å peike på at Forsvaret ser større på det enn berre BMI. Kroppmasseindeksen åleine gir langt frå eit riktig bilde av fysisk form og kapasitet. Vi opplever at det er mange i god form som har ein høg BMI, samtidig ser vi ungdom i dårleg fysisk form som har låg BMI.

Les også: – Song er like viktig for helsa som kosthald og trening