Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste av sitt slag i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 19:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert på porten.no

– Me tiltrekker oss elevar frå både Danmark, Sverige og Tyskand, seier Spira Svendsen, informasjonsansvarleg på skulen.

Ho forklarar grunnen til det sånn:

– Me er ikkje berre unike i norsk samanheng, men vår kompetanse er òg ettertrakta i utlandet.

Elevar med både mastergrad og doktorgrad

Ein annan ting som er spesielt ved skulen som i år har 43 elevar fordelt på to linjer, er det store aldersspennet.

– Gjennomsnittsalderen er 25 år i begge klassane, og mange har utdanning frå før. Fleire har mastergrader, og ein elev har doktorgrad i kjemi, seier Svendsen.

Ho trur grunnen til dette er at skulen er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet.

– Dei som kjem hit ynskjer økologisk kompetanse. Dei skal ta over ein gard, ynskjer å bli sjølvforsynt, eller har interesse for å fordjupa seg i økologi av mange andre ulike grunnar.

Les også: Satsar på insekt: – Heilt naturleg å ete insektprodukt

Brenn for økologisk jordbruk

Alle elevane har ulike ambisjonar om kva dei skal bruke utdanninga si til etter endt skulegang.

Ein av dei nye elevane ved skulen er Thomas Tichelkamp frå Tyskand. Han har nyleg starta på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk.

– Eg har alltid hatt ei sterk tilknytning til Vestlandet då mor mi er frå Noreg. Eg flytta til Aurland i april, og byrja her sidan eg er veldig interessert i eit økologisk og berekraftig landbruk, seier han.

Viktige økologiske prinsipp

Han meiner dei internasjonale økologiske prinsippa som finst er veldig viktige.

– Det gjeld både det å få til eit berekraftig landbruk i framtida, men og berekraftig rettferd, særleg for bonden og brukarane av stortsamfunnet.

Dei fire internasjonale økologiske prinsippa er:

  • Økologi
  • Helse
  • Varsemd
  • Rettferd

Den engasjerte landbrukstudenten er oppteken av, og ser absolutt viktigheita av eit landbruk.

– Eg tykkjer eigentleg folk i Noreg, og verda generelt, bør vera meir bevisst på kor maten deira kjem frå, og kor viktig det er å ha eit fungerande og robust landbruk.

Les også: Dekk bordet med råvarer frå naturen i sommar

Aukande etterspørsel etter økologisk mat

Tichelkamp legg ikkje skjul på at eit berekraftig landbruk er hjartesaka hans.

– Det er viktig at landbruket fungerer i mange generasjonar framover, seier han.

Det er Svendsen samd i.

– Det er ein aukande etterspørsel etter økologisk mat, og det betyr at me må importera meir og meir sidan etterspørselen aukar raskare enn produksjonen i Noreg. Dette kan dei som går her no gjera noko med i framtida, seier ho.

Les også: Kortreist mat har eit klimaproblem