Ein tredel av fiskefangstane i verda vert kasta

Verdsforbruket av fisk er ikkje berekraftig, fastslår ein FN-rapport. Totalt vert det kasta ca 30 millionar tonn fisk, ein tredel av all fiskefangst, kvart år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein tredel av fiskefangstane i verda vert kasta

Rundt ein firedel av det som vert kasta, kjem av at fiskarane kastar fisken tilbake på havet fordi han er for liten eller av feil art, skriv NRK, som først omtalte rapporten frå Verdsmatvarefondet (FAO).

Resten av svinnet kjem av at fisken blir dårleg før han rekk å hamne på ein tallerken.

– Eg er ikkje overraska over tala. Stort svinn mellom produsent og forbrukar ser ein på mange andre matvarer også, seier fagrådsgivar Jorunn Vallestad i Naturvernforbundet til NRK.

Totalt vert 35 prosent av all fiskefangsten i verda kasta.

Les også: Fiske kan redde oss – og øydeleggje hav