Demokratane sikra fleirtal i Representanthuset

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mellomvalet i USA: No vert det meir trøbbel for Trump

Før valdagen var det republikansk fleirtal i både Senatet og Representanthuset. No tek demokratane attende det eine.

For å oppnå fleirtal i Representanthuset krevst 218 plassar, og ifølgje New York Times har demokratane no sikra desse. Republikanarane sakkar akterut med sine 192 plassar.

Demokratane tek såleis over fleirtalet i eitt av kongresskammera, og Trump vil få eit mindre handlingsrom enn det han har hatt til no.

Usikker på bakgrunnen? Les denne: Ei folkerøysting om Trump

Trump: – Ein veldig suksess i kveld

Leiar i Republicans Abroad Norway, Austin Rasmussen, sa til Framtida.no før valdagen at sitjande presidentar ofte mister fleirtalet i løpet av sitt første mellomval.

– Om republikanarane held fleirtalet i berre eitt av husa i Kongressen, som forventa, vil det vere endå ein stor siger for Trump.

Presidenten sjølv er samd.

 

Demokratane sin leiar i Representanthuset, Nancy Pelosi, seier på si side at valresultatet vil føre til ei betre maktbalanse i USA. Trump-administrasjonen får ikkje lenger det same handlingsrommet dei har hatt til no.

 

Les også: Kva er spesielt med årets mellomval i USA? 

Kvinnene sikra fleirtalet

Mange venta at ein større del kvinner skulle stemme på Hilary Clinton under presidentvalet i 2016 i lys av Donald Trump sine nedlatande kommentarar. Det vart ikkje tilfelle. Då var partitilhøyrsle framleis viktigare enn kjønn.

Før dette mellomvalet har amerikanske kvinner mobilisert. Ei valanalyse utført av nyhendebyrået AP syner at seks av ti kvinner har stemt på Demokratane sine kandidatar til Representanthuset, skriv NRK.

Det vert også eit rekordtal kvinner i Representanthuset.

NRK melder at opptellinga så langt viser at minst 84 av dei totalt 435 medlemma av Representanthuset kjem til å vere kvinner. Mellom desse er 29 år gamle Alexandria Ocasio-Cortez.

Ho vert den yngste kvinna nokonsinne valt til Kongressen.

Les også om korleis The Economist spådde demokratisk siger allereie i mai! 

Sjekk kor mykje du kan om amerikansk politikk her