Kva er spesielt med årets mellomval i USA?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mellomvalet i USA får vanlegvis mykje mindre oppslutning enn presidentvala. Denne gongen ser oppslutninga ut til ut til å bli mykje høgare enn vanleg, spesielt blant amerikanarar i utlandet, forklarar Audrey Camp, leiar i Democrats Abroad Norway.

Ho forklarar at utanlandsstemmer frå viktige statar som Texas og Indiana allereie er høgare enn ved presidentvalet i 2016.

Kva kan du om amerikansk politikk? Prøv deg i vår quiz!

Håpar på Representanthuset

I dag har republikanarane fleirtal i både Senatet og Representanthuset, som utgjer kvart sitt hus i den lovgjevande forsamlinga Kongressen.

Mykje tyder på at det vert rekordhøg oppslutning frå begge sider i forkant av årets mellomval der heile Representanthuset (435 seter), delar av Senatet (35 av 100 seter) og 39 guvernørar i dag skal veljast

Framleis usikker? Lær meir om mellomvalet her!

Før valet har me difor spurt to politisk engasjerte amerikanarar i Noreg kva dei trur og håpar på.

– Eg håpar naturlegvis at me tek tilbake Representanthuset, skriv demokraten Audrey Camp.

Ho ser gjerne at partiet hennar tek fleirtalet av seta i Senatet òg, noko ho ser på som mindre sannsynleg.

Les også intervju med Austin Rasmussen om presidentvalet i 2016!

Den amerikanske Kongressen held hus i United States Capitol på Capitol Hill i den føderale hovudstaden District of Columbia. Foto: Martin Falbisoner, Wikipedia CC BY-SA 3.0

Forventar republikansk siger

Leiar i Republicans Abroad Norway, Austin Rasmussen, forklarar at historisk sett har den sitjande presidenten sitt gjerne mista fleirtalet i løpet av sitt første mellomval.

Leiar i Rebublicans Abroad Norway, Austin Rasmussen forventar republikansk siger i mellomvalet 6. november. Foto: Privat

– Ta Obamas giganttap i 2010, til dømes. Om republikanarane held fleirtalet i berre eitt av husa i Kongressen, som forventa, vil det vere endå ein stor siger for Trump, skriv Rasmussen.

Han både håpar og forventar republikansk siger i dag.

– Republikanarar vil nesten heilt sikkert halde majoriteten i Senatet. Det er ein liten sjanse for at demokratane så vidt tek majoriteten i Representanthuset, men det er vanskeleg å seia på førehand, sidan alt kan skje fram til då, skriv Rasmussen.

Han meiner meiningsmålingane i «mainstream media» ikkje er til å stola på fram mot val fordi dei ikkje klarte å fanga opp utfallet  av presidentvalet i 2016.

Demokraten Camp vågar ikkje vere for skråsikker i sine spådommar, men peikar på det ho meiner er nokre viktige sigrar dei to siste åra.

– Me har snudd 43 lovgjevande sete. I tillegg har demokratar kasta ein guvernør ved å velja Phil Murphy i New Jersey, eit Representanthus-sete ved å velja Conor Lamb i Pennsylvania sitt 18. distrikt og ein senator ved å velja Doug Jones i Alabama, skriv Camp.

Ho er sikker på at det vert tett løp og meiner difor stemmene til dei kring 8 millionar amerikanarane i utlandet vert viktige.

Les intervju med demokrat Jeff Lugowe før presidentvalet i 2016!

20. januar 2017 tok kvinner over heile USA og resten av verda til gatene i ein gigantmarsj i protest mot innsetjinga av president Donald Trump. På dagen eitt år etter kom fleire ut igjen. Foto: Mobilus In Mobili, CC BY-SA 2.0

Kvinner på val

Valet av president Donald Trump såg ut til å i særleg stor grad mobilisera kvinner, som tok til gatene for å demonstrera.

Før årets mellomval gler Camp seg over at rekordmange kvinner stiller til val.

Ifølgje tal frå AFP stiller 183 kvinner til val i anten Kongressen eller som guvernørar.

I 33 statar står no valet mellom éi kvinne på demokratisk side, og éi kvinne på republikansk side.

– Å sjå eit slikt engasjement frå amerikanske kvinner på begge sider er svært rørande, skriv Camp, som håpar dette berre er byrjinga på ei aukande trend

– Kvinner må òg retta seg etter dei amerikanske lovene som vert vedtekne. Uavhengig av partitilhøyrsle meiner eg at landet blir betre av at kvinner er like representert i «rommet der det skjer», understrekar ho.

Les også: Hillary Clinton sin teori om kvifor USA aldri har hatt ein kvinneleg president

Somalisk-amerikanske Ilhan Omar kan bli ei av historias første muslimske kongresskvinner etter mellomvalet 6. november. Ho er kandidat for Representanthuset i det 5. kongressdistriktet i delstaten Minnesota. Foto: Lorie Shaull, CC BY-SA 2.0

Nye stemmer

På begge sider har politikarar og kjendisar mobilisert for å få amerikanarar til stemmeurnene og det er forventa rekordhøg oppslutning.

Ifølgje ei meiningsmåling ser det ut til at rekordmange unge, som er ei underrepresentert gruppe, vil nytta stemmeretten sin.

Camp er oppteken av å gjere stemming så lett og tilgjengeleg som mogleg for alle med stemmerett.

Ho er uroa for at enkelte statar har lover og reglar som gjer det utfordrande for unge, fattige og personar med minoritetsbakgrunn å stemma og meiner difor det er på høg tid at valreglementet vert nasjonalt.

– Me tener alle på det når unge tek seg tid til å vurdera valmoglegheitene sine og trur på at deira stemme vert høyrt i samfunnet. Eg vil ha grasrotperspektivet frå folk som må ta opp lammande studielån, dei som har medfødde tilstandar som kan ekskludera dei frå straffande private helseforsikringar, dei som har inngått ekteskap og har seksuelle legningar som ein gong var ulovleg i mitt land, skriv Camp.

Ho meiner det no er tid for at desse menneska meir enn nokon gong må koma seg ut å stemme for sine interesser.

Les også: Michelle Obama til unge veljarar: – Ta makta tilbake

Åtvarar mot identitetspolitikk

Republikanske Rasmussen meiner på si side at særleg unge og utanlandske veljarar vert forpesta med det han omtalar som identitetspolitikk, noko han åtvarar mot.

– Dei bør ikkje bli oppslukt av farlege taktikkar frå venstre som søkjer å ta frå dei individualiteten og heller definere dei utifrå deira gruppeidentitet. Denne strategien vil fortsetja å demotivera veljarar, uavhengig av demografi, medan radikale tar over Det demokratiske partiet gjennom irrasjonelle raserianfall fordekt som krav om sosial rettferd, skriv Rasmussen.

Han meiner at republikanarane sitt oppgjer med dette er ein av grunnane til at dei vinn terreng.

– Folkevalde leiarar bør vera ærlege ovanfor sine veljarar, sjølv når sanninga er ubehageleg, og slutta å gje falske lovnadar, understrekar han.

Trur ikkje på riksrett

Kva har så dette valet å seia?

Verken Rasmussen eller Camp trur sjansane for riksrett mot president Donald Trump er særleg store, men Camp håpar på ei fortsatt etterforsking.

Ho meiner likevel at det er viktigare å fokusera på andre delmål, som å stoppa forsøk på det som vert vert kalla «gerrymandering» – som vil seia å innføra nye valkrinsar med grenser som favoriserer ditt eige parti i framtidige val.

Camp er ikkje i tvil om at den store interessa for årets mellomval kjem av at folk no kjenner på ein trong til å påverka.

– Mange folk, meg sjølv inkludert, fekk sjokk då president Trump vart valt i 2016. Me hadde ikkje gjort nok for å bli høyrt. No er det mange grupper som mobiliserer for å hindra at det skjer igjen. Unge registrerer seg i hopetal og personar som støttar Black Lives Matter-rørsla, LGBT-samfunnet og #MeToo-rørsla innser at dei er demokratar, avsluttar Camp.