Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Demokratane vinn mellomvalet i USA

Dersom den ferske valprognosen til The Economist slår til, blir det tungt å vera Donald Trump framover.

Det britiske nyhendemagasinet lanserte torsdag sin statistiske modell for å spå kva parti som får flest sete i det amerikanske Representanthuset til hausten. Modellen blir oppdatert dagleg, men viser nå demokratisk fleirtal i to av tre simuleringar.

– Representanthuset under demokratisk fleirtal kan stille Trump for riksrett, seier Hilmar Mjelde. Han er postdoktor og USA-ekspert ved Universitetet i Bergen.

Det er likevel ikkje veldig sannsynleg, meiner han.

– Det vil dei vegre seg for, så lenge det ikkje er klare bevis på at Trump har samarbeida med russarane, understreker Mjelde. Han viser til at riksrett førebels berre er ønsketenking frå ytre venstresida.

Oppoverbakken blir brattare

Mellomvalet til hausten vil ha svært stor betyding. Alle setene i Representanthuset er på val. Også 35 av setene i Senatet er på val.

Med demokratisk fleirtal vil etterforskninga av bindingane mellom Trump-kampanjen og Russland skyta fart. Trump vil dessutan få endå større problem med å vedta lovendringar.

Denne oppoverbakken blir brattare jo fleire demokratar som blir vald.

– Med dagens knappe fleirtal har det vore svært vanskeleg for Trump å få politikken sin vedtatt, mellom anna fordi republikanarane er så splitta internt, seier Mjelde.

Hilmar Mjelde er postdoktor og USA-ekspert ved Universitetet i Bergen. Foto: Universitetet i Bergen.

Ein eller to motvillige republikanarar har vore nok til å stogga Trump. Resultatet er at presidenten utelukkande har skattekutta sine å visa til i samarbeidet med Kongressen.

– Denne oppoverbakken blir brattare jo fleire demokratar som blir vald, fortel USA-eksperten.

Men Trump blir ikkje vingeklippa av den grunn, meiner han.

– Alle presidentar kan likevel skriva ut ordrar til det store byråkratiet sitt. Ein kan få gjort mykje slik. Slik styrer Trump og slik styrte Obama, forklarar Mjelde.

Valresultatet langt frå sikkert

Valet til hausten er venta å bli mykje jamnare enn vanleg. Tradisjonelt har det sigrande partiet fått fleirtal med stor margin i Representanthuset.

I kvart einaste val mellom 1954 og 1992 vann Demokratane minst 232 sete. Det er godt over dei 218 som er naudsynt for å få fleirtal.

The Economist spår at Trump mister fleirtalet i Representanthuset til hausten. Her ei framside frå 2017. Foto: Skjermdump

Fordi valdistrikta er delte inn på ein måte som favoriserar republikanarane, må Demokratane vinna mellom 53 og 54,5 prosent for å få fleirtal. I 2018 har talet på amerikanarar som oppgir at dei planlegg å røysta demokratisk lege på om lag 53,5 prosent.

– Historisk er presidentens første mellomval eit korreksjonsval, der presidenten sitt parti normalt går tilbake. Spesielt når presidentens parti også har fleirtal i Kongressen, fortel Mjelde.

– På den andre sida går økonomien bra, og valvinden har blåst republikanarane sin veg på enkelte typar meiningsmålingar. Om Demokratane greier å vinna nok sete til å ta over, er usikkert, meiner han.

Historisk er presidentens første mellomval eit korreksjonsval, der presidenten sitt parti normalt går tilbake

Også The Economist understrekar at ein prognose eit halvt år før valet alltid vil vera usikker. Eit skifte på 0,6 prosentpoeng i republikansk favør vil vera nok til å endra fleirtalet.

Trump-presidentskapet er dessutan på ingen måte normalt. Då er det ikkje sikkert at historiske data er til å stola på.

Dramatiske hendingar kan skje før valet. Demokratane kan velja ideologisk ekstreme eller dårleg kvalifiserte kandidatar. Det er grunnen til at Republikanarane likevel kan enda opp med å halda på fleirtalet, konkluderer The Economist-spådommen.