Den store regnbogeordlista

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ei tid då det fanst homoseksuelle og det var det. LGBTQI-rørsla er i stadig endring og med det vert nokre omgrep utdaterte og mange nye vert inkludert.

Her kjem ei liste over kva du må kunne for å hengje med i dagens mangfaldige samfunn:

*fil – ending som viser til både romantisk og seksuell tiltrekking.

*romantisk – ending som fokuserer på romantisk tiltrekking.

*seksuell – ending som peikar på seksuell legning, noko gamaldags.

Aromantisk – Personar som opplever lite eller ingen romantisk tiltrekking. Ein vert sjeldan eller aldri forelska og er difor lite interessert i romantiske forhold.

Aseksuell – Personar som ikkje opplever seksuell tiltrekking og lyst. Ein har difor ikkje ønske eller behov for sex.

BDSM – Eit samleomgrep for ulike seksuelle preferansar, som handlar om kontroll og underkasting. BD står for bondage som er å knyte personar fast, der ein dominerer og ein er underkasta. SM står for sadomasochisme som handlar om å nyte å anten føle på smerte eller påføre andre smerte.

Bifil – Eventuelt biseksuell eller berre bi er personar som kan verte tiltrekt av og forelska i begge kjønn.

Cis* – Person som uttrykker seg som og kjenner seg heime i sitt biologiske kjønn. Døme: Cismann, ciskvinne.

Demiseksuell – Ein person som ikkje opplever seksuell tiltrekking til andre, utan å ha eit sterkt kjenslemessig band til personen.

Drag – Eit midlertidig skifte av kjønnsuttrykk ved hjelp av klede og sminke. Ei drag queen eller ein drag king speler ei rolle og overdriv ofte trekk frå kjønnsuttrykket dei går inn i.

Fleksiseksuell – Ein person som primært har ei legning, men i enkelte tilfelle kan verte tiltrekt av eit kjønn personen vanlegvis ikkje vert tiltrekt av. Òg omtalt som heterofleksibel eller homofleksibel.

Gråseksuell – Ein person som oftast ikkje opplever seksuell tiltrekking og lyst, men også kan gjere det.

Hen – eller hin er eit kjønnsnøytralt personleg pronomen.

Heterofil – Personar som vert tiltrekt og forelska i det motsette kjønn.

Homofil – Menn som vert tiltrekt av og forelska i menn.

Intersex/interkjønn – Personar som vert fødd med uklare kjønnskarakteristikkar.

Ikkje-binær – Ein person som ikkje identifiserer seg som verken mann eller kvinne.

Lesbisk – Kvinner som vert tiltrekt av og forelska i kvinner.

LHBTQI – Forkorting som står for ei rørsle som tidlegare berre famna om Lesbiske, Homofile, Bifile og Trans, men har utvida til òg å famne Queer og Intersex.

Panfil – Ein person som vert forelska i og seksuelt tiltrekt av menneske, uavhengig av kjønn.

Polyamorøs – Ein person som kan ha kjenslemessige og seksuelle forhold til fleire personar samstundes.

Regnbogefamilie – ein familie der ein eller begge foreldre definerer seg som homofil, lesbisk, bifil, trans eller interkjønn.

Sapioseksuell – Person som vert tiltrekt og forelska i personar på grunn av intelligens.

Skeiv – Eit samleomgrep for personar med ei anna seksuell legning enn heterofil, eller som ikkje identifiserer seg med dei tradisjonelle kjønnsnormene.

Skolioseksuell – Personar som vert tiltrekt og og forelska i menneske som ikkje fell innfor dei tradisjonelle kjønnsnormene.

Streit Person som uttrykker og kjenner seg heime i sitt biologiske kjønn og opplever tiltrekking til det motsette kjønn. Kan skildrast som heteronormative.

Trans* Ein person som har ein annan kjønnsidentitet enn den biologiske kroppen personen er fødd med. I gamledagar brukte ein ord som transvestitt eller transseksuell, som impliserer at det handlar om seksuell legning. I dag brukar ein helst transperson, transkvinne eller transmann.

Queer – Det engelske omgrepet brukt om personar med ei anna seksuell legning enn heterofil, eller som ikkje identifiserer seg med dei tradisjonelle kjønnsnormene.

Kjelde: Bufdir.no, Den Store Danske, Ung.no