– Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag?

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva hadde eg hatt glede av å vite da eg var 15?

Det hadde Kristin Fridtun som ein gjennomgåande tanke da ho skreiv boka «Homoflokar».

Kristin Fridtun skulle gjerne sjølv lese boka si da ho var 15 år og strevde med å vere skeiv. Foto: Beate Haugtrø

I boka tek ho ein statussjekk på korleis synet på homoseksualitet er i dag, og kva som rører seg i det offentlege ordskiftet.

Ho har sett på offentlege ytringar i aviser, på Facebook og Twitter, lese kronikkar og forskjellige publiserte tekstar for å danne seg eit bilete.

Boka er primært basert på ordskiftet det siste tiåret, men Fridtun tek òg nokre hopp fleire hundre år tilbake i tid for å sjå det i perspektiv.

– Eg har veldig tru på at om du skal forstå di eiga samtid, så må du ha litt kunnskap om fortida. No er vi så heldige at vi har fått noko som heiter Skeivt arkiv. Så dei siste åra har det vorte lettare å sette seg inn i den skeive norske historia, fortel ho.

Eit draumesamfunn ville tatt utgangspunkt i at alle var skeive

Helst skulle ho sett for seg eit samfunn der folk tok utgangspunkt i at alle er meir eller mindre skeive, heller enn at ein trur at folk er heterofile fram til det motsette er bevist.

Da hadde blant anna ho sjølv som femtenåring sloppe å bale i det skapet som alle snakkar om, før ho fann ut at det var heilt greitt å vere skeiv.

«Homoflokar» er ei av bøkene i serien Norsk Røyndom, og kom ut på Samlaget i vår. Foto: Beate Haugtrø

– Det er lett å sjå for seg katastrofescenario med alt som kan gå feil, og dermed unngå å seie noko. Og så går det år etter år. Og når du til slutt seier noko, og så går det heilt fint. Da er det litt ergeleg å ha brukt så mykje tid på å plagast åleine.

– Men igjen, det finst jo tilfelle der det ikkje går så bra. Der familie og venner ikkje reagerer bra, seier ho.

Var redd for å få mykje merksemd og bli «sjølvlysande»

Sjølv sat ho ikkje kjempelenge i det skapet, men det gjorde veldig inntrykk på henne.

–Og eg hadde på ein måte ikkje trunge det, viste det seg.

Ingen i familien hennar var skeive, ingen i klassa, og ingen på fotballaget akkurat da.

– Om eg hadde sagt noko, såg eg for meg at eg hadde fått veldig mykje merksemd retta mot meg, at eg hadde blitt sjølvlysande. Det syntest eg iallfall var litt skummelt.

Ho trur overblikk over historia ville ha hjelpt henne den gongen.

«Eg likar å tru at eg som femtenåring hadde sett ljosare på framtida dersom eg hadde hatt betre grep om den skeive historia. Da kunne eg ha identifisert dei mekanismane og førestillingane som verka inn på meg, i staden for å kava rundt i ei fortvilande røre», skriv ho i boka si. Det overblikket er noko ho bidreg til i boka.

Les også: Det er 25 år sidan vi starta vegen mot ei full likestilling av homofile sine rettar

Ein majoritet som er snille med ein minoritet

Først i 1990 vart homoseksualitet fjerna frå diagnoseboka til Verdshelseorganisasjonen (WHO). I dag blir Noreg rekna som eit av dei beste landa å bu i for skeive.

Men likevel.

– Er det noko stress å vera skeiv i Noreg i dag?, spør Fridtun i boka si.

– Ja, svarar ho seg sjølv.

I boka kjem ho til at eit grunnleggande premiss ved «homovenlegheita» i samfunnet er at det er ein majoritet som godkjenner og er snille med minoriteten- dei skeive. Ho meiner at det er denne venlegheita som forsurar tilværet til dei skeive i dag.

Brukt som eit argument mot innvandring

«Visst er det fint å bli tolerert, men alle skjønar at det er best å vera den som tolererer. Kjensla av å leva på nåde er vanskeleg å målbera, for dersom du ymtar om at noko skurrar, kan du få deg ein smekk», skriv ho.

I boka stiller ho òg spørsmål ved kvifor skiljet mellom skeive og ikkje skeive framleis eksisterer, og peikar på at det har vorte ein aukande trend å sette minoritetar opp mot kvarandre, og bruke homofile som eit argument i kampen mot innvandring.

Eit døme var da Sylvi Listhaug for ikkje lenge sidan sette muslimar opp mot homofile og refsa KrF-leiar Knut Arild Hareide for å vera ein etterplaprar som ikkje konfronterer «folk som er kritiske til homofile og kanskje synest det er greitt om dei blir steina».

Listhaug sjølv har tidlegare skrytt av at ho røysta mot felles ekteskapslov, ho har gjort narr av framlegget om ein tredje kjønnskategori, sagt at Pride-paraden gjer meir skade enn gagn, og spotta Knut Arild Hareide for at han gjekk i paraden i 2016, informerer Fridtun.

Les også: Nytt stipend til unge diktarar

Ulike kategoriar med vasstette skott?

I «Homoflokar» serverer ho òg lesaren ei nøtt, som ein kan tygge på.

«Korleis forstår DU homoseksualitet? Ser du på homoseksualitet og heteroseksualitet som åtskilde og grunnleggjande ulike seksualitetar, med biseksualitet som eit mogleg mellomledd? Eller oppfattar du dei som ingrediensar i den same suppa og synest at det er lite tenleg å stykkja opp seksualiteten og sortera delane i ulike kategoriar med vasstette skott imellom»?

Sjølv har ho ikkje eit klart svar på sitt eige spørsmål.

– For meg er det framleis litt ei nøtt. Fordi ein ting er at vi faktisk ikkje har noko klart svar på kva som gjer at nokon er homofile eller bifile. Eg heller litt mot suppevarianten. At alt dette er delar av menneskeleg seksualitet, seier ho.

Les også: Gjertrud Langva: – Ei hending som gjer at livet aldri blir det same

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun (f.1987) har mastergrad i norrøn filologi, er fast spaltist i Dag og Tid, og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker.

Ho har tidlegare gitt ut bøkene Norsk etymologisk oppkokNynorsk for dumskallar og Kjønn og ukjønn. I 2016 fekk ho Bokhandelens sakprosapris.

Boka «Homoflokar» er ei av tre bøker i serien Norsk Røyndom som kom ut på Samlaget i vår.